Framtida Junior har spurt Sara Lilleengen og Konstanse Bøhle om kva dei ville gjort dersom dei ut av det blå fekk høvesvis 1000, 10 000 og 1 000 000 kronar dei kunne bruke på kva dei ville.
Dei to femteklassingane frå Skjåk tenker både likt og ulikt når dei får desse spørsmåla.
Kva ville du gjort om du fekk 1000 kroner?
Sara ville delt pengane i to.
– Eg ville sett 500 kroner på sparekontoen og gitt 500 kroner til bestemor fordi ho gjer så mykje for meg.
Konstanse skal snart på ein helgetur til Oslo. Ho ville derfor spart pengane til shopping.
– Akkurat kva eg ville kjøpt, veit eg ikkje, men iallfall squishies, seier ho.

Kva ville du gjort om du fekk 10 000 kroner?
Begge jentene er samde om at dei ville spara ein del. Men dei ville òg brukt pengane på litt andre ting.
– Eg ville gitt ei gåve til alle i familien min. Ei til bror min, ei til mamma og ei til pappa. Og ei gåve til meg sjølv, seier Sara.
Mesteparten av dei 10 000 kronane ville ho sett på sparekontoen, og noko ville ho sett på kortet så ho kunne bruke av dei når ho treng.

I tillegg til å sette noko på sparekontoen, ville Konstanse sett av ein del av pengane til å ha med på ferieturar. Og ho ville kjøpt squishies.
– Eg ville også gitt nokre tusen til menneske som treng dei meir enn meg. Kanskje eg ville delt litt med familien min også, seier Konstanse.
Kva ville du gjort om du fekk 1 000 000?
Det første Sara kjem på at ho ville gjort om ho fekk éin million kronar, er å leige eit hus.
– Eg ville leigd eit hus her i sentrum. Eg og familien min bur ganske langt unna skulen, så det hadde vore fint å ha eit hus litt nærare i tillegg, fortel Sara.
Sara går på riding og er glad i dyr. Ho ville derfor brukt noko av millionen til å kjøpe sin eigen hest og ein hund.
– Eg kunne også tenke meg å bruke noko av pengane på ein ferietur til Thailand med mamma, pappa, bror min og bestemor, fortel ho, og legg til at ho i tillegg ville gitt ein del av pengane til menneske som treng det meir enn ho.

Konstanse ville sett mykje av pengane på sparekonto og gitt til folk som treng det. Ho ville også kjøpt ein heilt spesiell ting.
– Ein ting eg gjerne ville skaffa meg, er ein jetpack, seier ho.
Ein jetpack er ein slags flygemaskin ein har på ryggen. Han kan løfte ein person opp i lufta, nesten som ein liten rakett.
– Det kostar nok litt meir enn ein million, då. Eg har veldig lyst til å fly – det hadde vore så kult, seier Konstanse.
Sara fortel at dette slett ikkje er nokon ny draum.
– Konstanse har snakka om at ho har lyst til å fly heilt sidan barnehagen.
Vil dele med andre
Sjølv om jentene har mange ting dei kunne tenke seg å kjøpe, viser det seg at dei begge også ville delt av pengane sine – både med familie og med menneske som treng det.
– Det er fint å dele pengar for å vere snill med andre, seier Sara.
– Når ein ikkje treng alt sjølv, er det bra å gi noko til dei som faktisk ikkje har så mykje pengar, meiner Konstanse.

Lurt å spare
Konstanse og Sara meiner også at det er lurt å spare pengar, i staden for å bruke opp alt med ein gong.
– Om det er noko ein kjem til å ønskje seg seinare i livet, har ein plutseleg nok pengar til å kjøpe det om ein har spara litt. Det er lurt når ein skal flytte heimanfrå. Då har ein kanskje pengar til å kjøpe seg ein bustad, seier Sara.
Konstanse meiner ein bør tenkje seg om før ein handlar.
– Det er lurt å ikkje berre tenkje at ein skal bruke opp pengane så fort ein får dei. Ein må ikkje kjøpe noko berre fordi ein er i ein butikk, seier ho.
– Det var eit godt tips til meg, ler Sara.























