Sjå årets beste bilde av bitte små ting

Fotografane som deltek i konkurransen Nikon Small World har klart å fange det som er så smått at vi ikkje klarer å sjå det med det blotte auget, på kamera. Her er dei ti beste bilda frå årets konkurranse.

Drypande blekk

Fyrsteplassen i Nikon Small World 2026 gjekk til studenten Ole Bielfeldt frå Tyskland. Han har teke dette bildet frå innsida av ein skrivar. Her ser vi blekk som dryp ned på arket og med det printar skrift.

Foto: Ole Bielfeldt / Nikon Small World

Hoppeedderkopp

John-Oliver Dum tok dette nærbildet av ansiktet til ein hoppeedderkopp og gjekk av med andreplassen. Dei gule boblene er pollen som har festa seg i håra hans.

Foto: John-Oliver Dum / Nikon Small World

På innsida av ein hjerne

Tredjeplassen gjekk til Kaelin Wulf og Rachel Flannery som har fotografert innsida av ein hjerne frå ei død mus. Bildet har fanga nevrona i hjernen. Nevron er celler som sender beskjedar rundt i hjernen.

Foto: Kaelin Wulf & Ms. Rachel Flannery / Nikon Small World

Pennespiss

På fjerdeplass kom Justin Theodore Benttinen med dette bildet av tuppen på ein kulepenn. Her ser ein tydeleg kula i pennen som er halvvegs dekt av blekk.

Foto: Justin Theodore Benttinen / Nikon Small World

Usprunge blome

Mike Crutchley tok dette bildet av innsida på ein blome av arten tusenfryd som ikkje var sprunge ut enno. Han fekk femteplassen i fotokonkurransen.

Foto: Mike Crutchley / Nikon Small World

Slimsopp på nært hald

Eric Epstein har teke dette nærbildet av ein slimsopp kalla hemitrichia. Bildet viser sporestrukturane på soppen. Sporestrukturar er delar av soppen som spreier sporar. Sporar er soppen sine frø. Epstein fekk sjetteplass med fotografiet sitt.

Foto: Eric Epstein / Nikon Small World

Celler som pratar saman

Dette bildet har fanga menneskenevron som er dyrka fram i eit laboratorium av forskarar. Bildet teke av Dr. Bruno Cisterna og Dr. Eric Vitriol kom på sjuandeplass.

Foto: Dr. Bruno Cisterna & Dr. Eric Vitriol / Nikon Small World

Gneistrande blyant

Her ser vi ein blyantspiss som blir utsett for veldig kraftig elektrisitet. Dette bildet fekk åttandeplassen og er teeke av Dr. Mercel Clemens.

Foto: Dr. Mercel Clemens / Nikon Small World

På innsida av kroppen

Dr. Francisco Lázaro-Diéguez fekk niandeplassen med dette bildet av ei celle. Denne typen celle, kalla endotelcelle, kler innsida av blodårer. I dette tilfellet er cella frå ei blodåre i levera.

Dr. Francisco Lázaro-Diéguez / Nikon Small World

Snyltar

Dette bildet gjekk av med tiandeplassen og er teke av Michael Parra Puentes. På bildet ser vi ein snylteveps som er på tur ut av ei sommarfuglpuppe. Snylteveps er ein vepseart som legg egg og veks opp inne i eller utanpå andre dyr. Det andre dyret blir ete levande av vepsen.

Foto: Michael Para Puentes / Nikon Small World

Du kan sjå fleire bilde frå konkurransen HER!