Verdas tyngste insekt får ein ny sjanse

Insektet wētāpunga ar lenge vore utryddingstruga. No har forskarar hjelpt 11 000 individ av insektarten med å kome ut i naturen igjen.

Det skriv The Guardian.

Wētāpunga er eit stort insekt som lever på New Zealand. Det blir rekna som det tyngste insektet i verda.

Hoene kan vege like mykje som ei mus. Kroppen kan bli opp til ti centimeter lang, og beina kan strekkje seg 20 centimeter frå side til side.

Den siste tida har wētāpunga-insekta hatt store utfordringar. Det har blitt færre og færre av dei fordi dyr som menneske har teke med til New Zealand, har ete insekta. I tillegg har  nedbygging av natur gjort at område der wētāpungaer lever, har blitt borte.

For å redde wētāpunga-arten har dyrehagen Auckland Zoo og Butterfly Creek, eit senter for dyr på New Zealand, samarbeidd om eit avlsprogram.

Dyrepassar Julie Underwood pakkar ned ein wētāpunga for at han skal bli sett ut i naturen. Foto: Auckland Zoo

Eit avlsprogram vil seie at menneske hjelper insekta med å få ungar og passar på at ungane veks opp.

I over 15 år har dei avla fram titusenvis av wētāpungaer. No har dei slept 11 000 av desse ut i naturen.

Forskarane har følgt med på korleis insekta klarer seg aleine i det fri. Då har det vist seg at wētāpungaene ikkje berre har overlevd, men òg fått ungar. Det betyr at insekta klarer å formeire seg utan hjelp frå menneske.

– Framtida ser lys ut for wētāpungaen, seier forskar Chris Green til The Guardian.

Her ser vi ein wētāpunga ute i naturen, der han høyrer heime. Foto: Auckland Zoo