Vil forby forundringspakkar i dataspel

I mange dataspel kan ein kjøpe såkalla lootboksar – overraskingspakkar. No vil regjeringa forby dette for skjerme barn for spelavhengnad.

Spelavhengnad og gambling
  • Spelavhengnad: at ein person føler at han eller ho må spele heile tida, sjølv om det fører til problem for personen sjølv eller andre. Det kan vere veldig vanskeleg å slutte spele sjølv om ein ønskjer det.
  • Gambling: å satse pengar for å prøve å vinne ein premie. Om du vinn eller tapar, avheng i stor grad av flaks.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Det blir opplyst i NRK Nyhetsmorgen.

Ein ny rapport frå Lotteritilsynet viser at barn er for dårleg beskytta mot å bli spelavhengige. No oppmodar dei derfor til forbod mot lootboksar. Det er kulturminister Lubna Jaffery med på.

– Grunnen til at vi ønskjer å forby dette er at det er med på å lure barn og unge inn i ei åtferd som kan likne på gambling, seier Jaffery til NRK.

Lootboksar er forundringspakkar i dataspel som kan bli kjøpt med ekte pengar. Du veit altså ikkje kva du får for pengane før du har betalt for pakka og brukt pengane.

Må ha flaks

I EA Sports FC (som tidlegare heitte FIFA) er det lootboksar som inneheld ulike spelarar. Det kan vere at du er heldig og får gode spelarar, men det er på ingen måte sikkert at du får noko du ynskjer deg i det heile. 

I år gjekk aldersgrensa på dataspelet frå 3 til 16 år, nettopp på grunn av moglegheita til å bruke ekte pengar i spelet. Denne aldersgrensa er rett nok berre rettleiande, og yngre barn kan framleis bruke spelet dersom foreldre let dei.

EA, som eig EA Sports FC, seier at dei vil halde fram med å informere foreldre om korleis dei kan avgrense pengebruk i spelet.

Skal til høyring

Rapporten og forslaget om å forby lootboksar i dataspel skal til høyring i Stortinget, med frist 12. januar.

At noko skal til høyring i Stortinget, betyr at Stortinget saman med ekspertar skal vurdere ei sak, før det eventuelt blir ein ny lov.

– Vi skal ikkje forby dataspel, men vi må sørge for at barn og unge har ein trygg kvardag og at det er trygt når dei speler dataspel, seier Jaffery.