Krise for Vesle norske leksikon

Det ser ikkje ut som at Vesle norske leksikon kjem til å få økonomisk støtte frå staten i 2027. Dette kan bety at leksikonet forsvinn.

Vesle norske leksikon er eit gratis, kvalitetssikra leksikon for barn og andre som treng enkel og forståeleg informasjon.

– Vesle norske leksikon er viktig for å få ein stad der born og unge kan finne viktig informasjon som dei kan stole på, sa kulturminister Lubna Jaffery (Ap) til Framtida junior under opninga av Vesle norske leksikon i 2024.

Berre to år seinare kan leksikonet måtte bli lagt ned.

Ikkje med i statsbudsjettet

Onsdag 7. oktober blei statsbudsjettet lagt fram. Her kom det fram at Vesle norske leksikon ikkje var med og at det dermed ikkje er planlagt at staten skal støtte dei økonomisk.

– For å drive Vesle norske leksikon vidare treng vi 7 millionar koner i året frå 2027, skriv sjefredaktør Erik Bolstad på leksikonet sine sider.

Han skriv samstundes at alle som vil kan hjelpe dei med å behalde Vesle norske leksikon ved å sende ei støtteerklæring. Ei støtteerklæring er at ein uttrykkjer støtte.

Dei innsamla støtteerklæringane vil bli vist til politikarar i håp om å overtyde dei om å gi økonomisk støtte til Vesle norske leksikon.

Sju millionar lesarar

Sidan Vesle norske leksikon blei lansert hausten 2024 har det blitt publisert 4200 artiklar. Artiklane er lese over sju millionar gonger.

Meir enn 2500 elevar har vore med på elevsjekke leksikonet. Desse elevane har lese leksikontekstar og kontrollert at dei er forståelege og at ein kan lære noko av dei.

– Sjølv om hovudmålgruppa vår er 11-åringar, treff leksikonet også folk med dysleksi og andre lese- og konsentrasjonsvanskar, menneske med norsk som andrespråk og menneske med funksjonsnedsetjingar, skriv Erik Bolstad.