Statsbudsjett er ein plan for kva staten skal bruke pengar på i løpet av det kommande året, og seier òg kor mykje skatt og avgifter folk og bedrifter må betala.
Kvart år i oktober er det finansministeren som legg fram forslag til statsbudsjettet for Stortinget.
Oljefondet
Pengane som finansdepartementet planlegg å bruke kjem frå skattar og avgifter innbyggjarar og bedrifter i Noreg betaler til staten. Samstundes planlegg dei å bruke pengar frå oljefondet.
Oljefondet er på ein måte sparebøssa til Noreg. Noreg tener pengar på å selje olje og gass, og sparer mykje av desse pengane i oljefondet.
I statsbudsjettet har finansdepartementet lov å planlegge og bruke maks 3 prosent av oljefondet. Grunnen til at staten har bestemt at det ikkje skal brukast meir enn dette i året, er for å sikre at fondet held fram med å vekse og varer lenge.

Planlegg å bruke 608 milliardar
I statsbudsjettet for 2027 blir det planlagt å bruke 608 milliardar kroner – 2,7 prosent – av oljefondet.
For denne summen kunne Noreg gitt kvar innbyggjar i landet 110 000 kroner eller kjøpt 101 millionar Play Station 5-konsollar.
Her er noko av det Noreg faktisk føreslår å bruke pengane på:
- 800 millionar kroner til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.
- 465 millionar kroner til undervisning i smågrupper i grunnskulen.
- 211,4 millionar kroner til barne- og ungdomsorganisasjonane.
- 2,2 milliardar kroner til satsing på KI og digitalisering.
- 339,5 millionar kroner til satsing på fysiske bøker i skule og barnehage.
Heilt klart i desember
Statsbudsjettet som er lagt fram i dag er berre eit forslag. No skal Stortinget diskutere budsjettet og kome med forslag til endringar.
Det endelege budsjettet blir bestemt seint i haust. For at det skal bli endeleg bestemt, må over halvparten av politikarane på Stortinget stemme for budsjettet.
Ny vurdering i mai
Sjølv om budsjettet gjeld frå 1. januar, viser det seg gjerne utover i året at tala i budsjettet ikkje stemmer heilt.
Det kan vise seg at staten får inn mykje meir eller mykje mindre pengar enn planlagt. Ting kan også koste meir eller mindre enn ein trudde då budsjettet blei laga.
Derfor ser ein på budsjettet på nytt i mai kvart år. Regjeringa endrar på tala, og passar på at staten ikkje bruker meir pengar enn dei har.






















