Fann gravkiste på alder med pyramidane i Egypt

Arkeologar kom nyleg over ei rundt 4000 år gammal hellekistegrav i Halden.

Ord og forkortingar
  • Fvt.: Står for før vår tidsrekning. Når noko skjedde før vår tidsrekning, skjedde det før år 1.
  • Ev..: Står for etter vår tidsrekning. Når noko skjedde etter vår tidsrekning, skjedde det etter år 1.
  • Arkeolog: Ein person som forskar på samfunn og menneske som levde for lenge sidan, ved å undersøke leivningar, ting og andre spor som dei finn i bakken.
  • Jordbruk: Jordbruk er mellom anna å dyrke plantar i jorda for å få mat.
  • Leivningar: Leivningar er det som er igjen etter ein død person.
  • Rav: Rav er kvae som har blitt trykt saman og derfor er veldig hard.
  • Flint: Flint er ein bergart. I steinalderen lagde ein våpen og reiskap av flint.

Kjelde: Vesle norske leksikon og ordbøkene.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Det var då arkeologar eigentleg undersøkte steinalderbustader at dei kom over den gamle hellekistegrava, opplyser NRK.

Ei hellekiste er noko menneske blei gravlagde i ved at det i ei grav blei bygd ei kiste av stein som døde menneske blei lagde i. Slike hellekister var spesielt utbreidd på Vestlandet i eldre jernalder (500 år fvt.–550 år evt..). No er det altså funne ei slik kiste på Austlandet, frå yngre steinalder (4000–1800 år fvt.).

– Det er heilt unikt. Ingen hellekister på Austlandet har tidlegare blitt undersøkte i eit prosjekt der ein har god tid til å gjere det skikkeleg, i alle fall ikkje i nyare tid, seier arkeolog Carine S. Rosenvinge til NRK.

I hellekista, som er frå tida då menneske begynte med jordbruk i Noreg, har arkeologane funne ei perle laga av rav og nokre pilspissar. Det er rett nok ikkje gjort funn av leivningar fordi dei har blitt brotne ned i jorda over lang tid.

I hellekistegrava fann forskarane mellom anna denne ravperla som truleg har tilhøyrt personen som var gravlagd der. Foto: Kulturhistorisk museum

Det som gjer hellekistefunnet ekstra spesielt, er at det skil seg frå andre liknande funn i området. Det er nemleg meir vanleg med slike graver over grensa i Sverige. Der er det vanleg å finne dolkar av flint i kista, noko som kan tyde på at gravene tilhøyrde krigarar.

I hellekista i Halden var det ingen dolkar. Difor er det mogleg at denne grava ikkje tilhøyrde ein krigar, slik mange av gravene i Sverige truleg gjorde.

Det er førebels usikkert om hellekista skal bevarast for publikum, takast inn eller fjernast etter at ho har blitt grundig undersøkt.

Hellekista undervegs i utgravinga. Foto: Kulturhistorisk museum