Vann Bakemesterskapet junior – no gir Helle ut si eiga bakebok

Helle Berg Leiren har baka sidan ho var liten. No deler ho favorittoppskriftene og dei beste baketipsa sine i boka Bak med Helle.

Tidlegare i år gjekk Helle Berg Leiren heilt til topps i TV-programmet Bakemesterskapet junior.

Kor gammal var du då du byrja å baka, og kva var det første du laga?

– Eg har baka så lenge eg kan hugsa, men det var nok for nokre år sidan at eg byrja å baka sånn skikkeleg. Eg trur eg var sånn mellom åtte og ti år. Det første eg byrja å laga, var nok scones og vanlege muffins med melisglasur.

Foto: Eline Krøvel

Korleis var det å vinna Bakemesterskapet junior?

– Det var veldig stas og overveldande å vinna, og eg synest det var rart og overraskande at det var nett eg som vann, fordi dei andre finalistane òg var veldig gode bakarar.

Kva var det mest morosame – og det mest stressande – som skjedde under innspelinga?

– Det mest morosame med å vera med var å verta kjend med dei andre deltakarane. Me vart veldig gode vener og godt kjende. Me blei ein god gjeng og har halde kontakten etterpå og treft kvarandre fleire gonger. Det mest stressande under innspelinga var når me venta på at dommarane skulle bedømma bakverket mitt. Den ventetida var heilt frykteleg.

Foto: Eline Krøvel

Korleis fekk du ideen om å laga di eiga bakebok?

– Eg var så heldig at Samlaget tok kontakt med meg for å spørja om eg ville laga ei bakebok. Det sa eg sjølvsagt ja til! Det er jo ein draum som går i oppfylling!

Korleis valde du ut kva oppskrifter som skulle få vera med i boka?

– Eg har blant anna valt oppskrifter som eg har eit spesielt forhold til, og bakverk som eg likar godt. Eg har også teke med nokre oppskrifter på noko av det eg baka då eg var med på Bakemesterskapet junior.

Kva oppskrift i boka vil du anbefala til barn som aldri har baka før?

– Då vil eg anbefala dei oppskriftene som er merkte med berre éi stjerne. Dei oppskriftene er lette å få til. Prøv til dømes å baka cookies. Men eg tenkjer at alle kan få til alle oppskriftene i boka. Det er berre å prøva og feila litt, og så prøva igjen til du får det til.

Foto: Veronika Stuksrud / Fotova
Foto: Veronika Stuksrud / Fotova

Har du nokon gong laga eit bakverk som gjekk heilt gale? Kva skjedde?

– Ja, det har vel alle. Spesielt makronar syntest eg var vanskelege i starten. Då blei ofte makronane sprukne og harde. No, etter at eg har øvd meg fleire gonger, får eg fint til å laga gode makronar òg, som er litt harde utanpå og seige og mjuke inni.

Dersom du berre fekk baka éin ting resten av livet, kva ville du ha valt?

– Cookies er min favoritt, og ein kan laga dei i mange forskjellige smakar. I boka finn du dei i to variantar: vanlege cookies med sjokoladebitar og Kinder-cookies med mjølkekrem og Kinder-sjokolade.

Foto: Eline Krøvel

Kva er det aller beste baketipset ditt til barn som har lyst til å bli flinke til å baka?

– Det er å berre prøva seg fram. Jo meir du øver, jo betre vert du. Det er lov å prøva og feila, og eksperimenter gjerne litt også. Det er gøy!

Til informasjon: Ragnhild Marie, som arbeider i Framtida Junior, har bidrege i skriveprosessen med boka Bak med Helle. Ho har ikkje vore involvert i arbeidet med denne saka.