Danmark, Tyskland, Polen, Tsjekkia, Belarus, Ungarn, Slovakia og Austerrike sette alle nye nasjonale varmerekordar i sommar, skriv NRK.
Det betyr at desse landa hadde minst éin dag der temperaturen var høgare enn ved alle tidlegare offisielle målingar.
I Danmark blei det målt 37 grader 27. juni. Den førre rekorden var frå 1975. Tyskland målte 41,7 grader, medan temperaturen i Polen steig til 40,5 grader.
Ei undersøking av tal frå klimaovervakingstenesta Copernicus viser også at 33 europeiske land fekk den varmaste julimånaden som er registrert.
Hetebølgjer og skogbrannar
Fleire land fekk den varmaste sommaren dei har målt, sjølv om dei ikkje sette ny rekord på ein enkelt dag.
I Frankrike var gjennomsnittstemperaturen gjennom sommaren 24 grader. Det er ny rekord. Landet hadde 53 dagar med hetebølgje. Varmen førte også til tørke og den største skogbrannen i landet på over 70 år.
Spania hadde nesten samanhengande hetebølgje frå midten av mai. I Barcelona blei det målt 40,8 grader, som er ny rekord for byen.
Også Belgia, Nederland, Luxembourg, Sveits og Storbritannia fekk rekordvarme somrar. I Austerrike kom temperaturen over 40 grader i både juni, juli og august.





















