I starten av september blei Ig Nobel-prisane delte ut i Sveits for 36. gong. Prisane har som mål å feire fantasi og det uventa i forsking. Arrangørane håpar at dette kan føre til auka interesse for vitskap, medisin og teknologi.
Det er årleg ti Ig Nobel-prisvinnarar i ti ulike kategoriar. Årets vinnarar i kategorien økonomi var forskarar frå Mexico, Canada og USA som har funne bevis for at rike menneske oftare forsyner seg av godteri som er meint for barn.
I studien, som er frå 2012, såg forskarane på åtferda til rike menneske i sju ulike situasjonar for å finne ut om dei opptrer meir uetisk enn fattigare menneske. Å opptre uetisk betyr å handle på ein måte som menneska rundt ein meiner er feil.
I alle dei sju situasjonane fann forskarane at dei rike opptredde meir uetisk. Ein av grunnane til denne oppførselen var grådigheit. Grådigheit er når ein person vil ha mest mogleg sjølv og ikkje liker å dele. Dette kan til dømes gjelde pengar.






















