I hamnene rundt om i verda finst det mest forureina vatnet, i tillegg til at det er bråkete og urolege levekår for livet i sjøen der.
Svamp på flyttefot
For to år sidan flytta det spanske forskarteamet fire ulike svampsortar 30 kilometer inn frå havet, til Palamós hamn. Dei dykka jamnleg for å halda auge med helsa til svampane. Tre av artane skrumpa inn og døydde. Det overraska forskarane at det motsette skjedde med den siste av dei fire, leversvampen.

Etter to år hadde den ikkje berre overlevd, den hadde formeira seg frå 24 til 40 stykker. Det var ei overrasking for oss alle! seier Carlota Escarré i eit intervju med the Guardian.
Sjøstjerner på heimreis
For ein månad sidan la Dr. Manuel Maldonado merke til noko fint og spesielt: Sjøstjernene var komne tilbake til hamna. Det må bety at svamp kan brukast til å rydda opp i forureina hamner, konkluderer han med.
Forsking på svamp foregår i mange deler av verda. Samstudes fortset det spanske forskarteamet å overvaka leversvampen i Palamós hamn. Kor mykje anna liv kan koma tilbake?






















