Utdanningsdirektoratet er tydelege på at gravferdsdagen ikkje er ein offisiell fridag. Samstundes legg dei opp til at skulane sjølv kan vurdere om elevane skal få følgje med på gravferda på TV.
I Oslo kommune er det ikkje lagt opp til at skulane skal ta fri. Dei held opent som vanleg, men kommunen tilrår å legge til rette for at elevar kan følgje TV-sendinga. Alle skulane skal delta på markeringa med eitt minutt stille klokka 13.
Er du ein elev som har lyst til inn til sentrum for å vere med på markeringa, kan du søke velferdspermisjon dersom du går på vidaregåande. Kommunen oppmodar skulane til å gi desse elevane fri. Er du yngre kan føresette søke for deg, dersom dei vil at du skal vere med på markeringa.
Dei fleste studentar får også høve til å følgje med på gravferda.
Universitet og høgskular rundt om i landet har avlyst undervisning og andre aktivitetar frå klokka 12 på gravferdsdagen, ifølgje Khrono.
På gravferdsdagen vil kista med kong Harald bli frakta frå slottet til Oslo domkyrkje. Sjølve gravferda vil skje i Oslo domkyrkje klokka 13. Starten og slutten av minuttet med stille blir markert med klokkeslag frå alle kyrkjene i landet.






















