William blei fødd med ein fotball i beina

Marius Horn Molaug har skrive ei lang rekke bøker om det som er «verdas verste». I den nye boka hans Sånn ble jeg verdens beste fotballspiller er elleve år gamle William betre i fotball enn sjølve landslagsspelarane.

Etter mange bøker om det som er verst, syntest Marius det var på tide å prøva noko nytt.

– Det er gøy med det som er verst, men kanskje det kan vera gøy med noko som er best også?

– Dessutan har eg alltid vore opptatt av verdas beste fotballspelarar, frå Maradona, John Barnes til Messi. Eg har i grunn ikkje vore så opptatt av verdas verste fotballspelarar. Eg hadde for eksempel ikkje plakat av ein fotballspelar frå 9. divisjon på veggen på guterommet.

Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg

Gjorde draumen verkeleg

I boka Sånn ble jeg verdens beste fotballspiller møter me William. Han er berre elleve år, men betre enn spelarane på landslaget.

– Alle fotballinteresserte barn drøymer på eit eller anna tidspunkt om å komma på landslaget eller bli proff. Som forfattar kan eg faktisk gjera draum til verkelegheit! Det må utnyttast!

Marius fann også inspirasjon i teikneseriebladet Buster, som han las på 1980-talet.

– Det no utdøydde bladet hadde fleire stripeseriar der hovudpersonane var sjukt gode i fotball, Super-Mac kunne skyta hol i nettet. Bolla dribla alt og alle. Eg elska det! No var det på tide å laga ein ny moderne versjon!

Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg

Verdas verste autograf

Dersom Marius sjølv skulle ha blitt verdas beste fotballspelar, måtte han ha øvd mest på noko heilt anna enn skot og dribling.

– Autografen, trur eg. Han er og blir verdas verste autograf. Dei beste fotballspelarane har gjerne ein veldig fancy signatur med sving og schwung som eg ikkje klarer å få til uansett kor mykje eg øver.

Det er likevel ikkje berre autografen som treng meir trening.

– I tillegg måtte eg nok øvd litt på alle dei andre fotballgreiene.

Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg

Lang trening i tullete namn

I boka møter me mellom anna Sværing Måligjenmann. Marius har lang erfaring med å finna på slike ville namn.

– Eg har laaaang trening frå Donald Duck, der eg jobbar som redaktør og namnepåfinnar.

– Å laga tåpelege tullenamn er noko av det eg liker best av alt i heile verda, trur eg. Du kan for eksempel heita Jegskjønnerikkedetgranne Nerdeim?

Hadde hamna på sjukehus

Men kven ville ha vore best i ein fotballkamp: William, Erling Braut Haaland eller Marius?

– William ville nok dribla oss alle. Medan Haaland kanskje ville knust oss alle. Eg ville hamna på sjukehus, audmjuka.

Boka er full av sprø hendingar. Ei av dei aller sprøaste skjer når William blir fødd.

– Det er nok kanskje litt sprøtt at William blir fødd med ein fotball i beina, fordi mamma hans sovnar på tribunen på ein kamp med munnen open og får ein ball rett i gapet som ho svelger. Ballen blir på ein måte tvillingen til William. Det er moglegvis litt sprøtt. Elles er det jo berre veldig mykje sprøtt på kvar side. Sprøtt på sprøtt.

Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg

Galskapen startar i hovudet

Kristoffer Kjølberg har laga illustrasjonane i boka. Men dei morosame scenene oppstår først i hovudet til Marius.

– Eg skriv også manuset til teikningane, så galskapen skjer nok først i hovudet mitt. Men Kristoffer har ein veldig gøyal og gal strek som passar heilt absolutt perfekt til ideane mine.

Vil sleppa ein isbjørn ut på bana

Dersom Marius fekk laga ein heilt ny fotballregel, ville han først ha sikra seg sjølv ein plass på landslaget.

– Regel nummer 1: Alle landslag i fotball må ha med ein barnebokforfattar som er 50 år, som spiss.

Han har også eit litt farlegare forslag.

– Eventuelt at det er lov å legga feller på bana, type grava eit hol, setja opp ei revesaks, sleppa ut ein svolten isbjørn når nokon skal ta straffe osv. Kunne vore litt artig, i alle fall i ei bok.