Nye titlar i kongehuset etter at kong Harald døydde:
- Høgvyrde kronprins Haakon har fått tittelen Hans majestet kong Haakon
- Høgvyrde kronprinsesse Mette-Marit har fått tittelen Hennar majestet dronning Mette-Marit
- Prinsesse Ingrid Alexandra har fått tittelen Høgvyrde kronprinsesse Ingrid Alexandra
- Hennae majestet dronning Sonja har fått tittelen Dronning Sonja
Ingrid Alexandra er tronarving. Det betyr at ho ein dag skal arve trona og bli dronning av Noreg. Fram til kongen døydde, var ho prinsesse. No har ho fått tittelen kronprinsesse fordi ho er den neste i arverekkja etter faren sin, kong Haakon. Det vil seie at ho ein dag skal bli dronning, etter far sin, kong Haakon.
Ein Tronarving er personen som står først i køen til å bli den neste monarken. Ein monark er den øvste leiaren i eit land med kongehus, slik som Noreg. Er monarken ein mann, har han tittelen konge. Er monarken ei kvinne, har ho tittelen dronning.
Historisk kronprinsesse
Kronprinsesse Ingrid Alexandra vart fødd 21. januar 2004 og er den første kvinnelege tronarvingen i det norske kongeriket.
Grunnen til det er ei lov som gjaldt fram til 1990. Denne lova sa at det berre var menn som kunne bli tronarving. I 1990 blei den norske grunnlova endra slik at gutar og jenter skulle ha like stor rett til å arve trona. I staden er det alderen på søskena som avgjer kven som skal bli tronarving, og ikkje kjønnet.
Ingrid Alexandra, som er to år eldre enn bror sin Sverre Magnus, blei med det tronarving.

Tente OL-elden
Heilt sidan kronprinsesse Ingrid Alexandra var baby, har ho vore til stades i samband med kongelege oppdrag. Allereie før ho var to månader gamal var ho på plass på Kongetribuna under eit sportsarrangement i Holmenkollen, og då ho var fem månader gammal, helsa ho på folket frå slottsbalkongen 17. mai.
Etter kvart som kronprinsesse Ingrid Alexandra blei eldre, fekk ho fleire og større oppgåver på vegner av kongehuset. Til dømes døypte ho redningsskøyta Elias då ho var 13 år og tente OL-elden under ungdoms-OL på Lillehammer då ho var 14 år.

I 2019 blei Ingrid Alexandra konfirmert, og bestefaren kong Harald var ein av dei som heldt tale:
– Du har mange fine eigenskapar som du vil ha god bruk for – som menneske – og kanskje spesielt i den gjerninga som ventar deg (dronning): Du er pliktoppfyllande, bevisst og flink. Du er varm og klok. Du har humor! sa kongen.
Eige kontor på slottet
Då kronprinsessa blei 18 år og myndig, fekk ho enda meir ansvar. Ho fekk også sitt heilt eige kontor på slottet.
– Ein kan sjølvsagt drøyme seg bort og undre seg på korleis eit heilt anna liv hadde vore. Det gjer jo eg òg. Men det er ikkje det livet eg lever, så det er vanskeleg å førestille seg å ikkje vere i den rolla eg er i, sa Ingrid Alexandra i eit intervju med NRK i samband med 18-årsdagen sin.
I 2025, 21 år gamal, heldt ho sin første audiens åleine. Audiens er eit høgtideleg møte med ein kongeleg. Audiensen kronprinsesse Ingrid Alexandra heldt i fjor var med Barnas klimapanel.

Større ansvar som kronprinsesse
Sjølv om kronprinsesse Ingrid Alexandra har utført ei rekkje oppgåver på vegner av kongehuset medan ho var prinsesse, vil kvardagen sjå litt annleis ut no som ho er kronprinsesse.
For det første vil vi sjå enda meir til kronprinsesse Ingrid Alexandra i offentlegheita, spesielt i samband med tronskiftet som no skjer. I tillegg vil kronprinsessa få lov til å delta i statsråd. Statsråd er eit møte som skjer kvar fredag klokka 11 på slottet. Då leier monarken eit møte med regjeringa. Det er altså kong Haakon som skal leie desse møta frå no.

Med den nye tittelen vil kronprinsessa også kunne trå til som regent. Det vil seie at ho tek over som overhovud i Noreg, dersom kong Haakon av ein eller annan grunn ikkje kan gjere det. I tillegg vil Ingrid Alexandra få mange fleire audiensoppdrag no som ho er kronprinsesse.
Kronprinsessa vil rett nok mest truleg halde fram med studia ho har starta på. Ho går for augneblikket ved Universitet i Oslo, men skal etter planen tilbake til Australia neste år, der ho starta studia i 2025/2026.





















