Måneformørking oppstår når jorda står midt mellom sola og månen. Det er nemleg lyset frå sola som gjer at månen lyser. Når jorda ligg midt mellom sola og månen, vil planeten vår skugge for sola og delar av månen blir dekte av ein svart rund skugge litt etter litt. Det er alltid fullmåne når det er måneformørking.

Fredag 28. august vil vi i Noreg kunne vere vitne til ei slik formørking. Rundt klokka 04.00 vil vi kunne sjå dei fyrste teikna på måneformørkinga.
– Klokka 04.00 norsk tid vil vi kunne ane at noko har skjedd med lysstyrken til månen, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til Nynorsk Pressekontor.
Deretter vil vi sjå at ein rund skugge frå jorda sakte, men sikkert breier seg over og mørklegg månen.

Månen skiftar fargar
Måneformørkinga vil vere aller størst klokka 06.13. Rett før dette vil den mørke delen av månen bli blå, og når måneformørkinga er på sitt største vil månen bli raud. Ein slik raud måne blir kalla blodmåne.
Grunnen til at månen kan sjå blå og raud ut under ei måneformørking, er at lyset frå sola blir påverka på ein bestemt måte når det skin gjennom atmosfæren til jorda. Atmosfæren er laget av luft som ligg rundt jorda.
Nokre stader i landet vil månen gå ned før måneformørkinga er på sitt største, men i dei sørlege delane av landet vil ho vere synleg.

Slik ser du formørkinga best
For å sjå måneformørkinga best mogleg er det lurt å vere ein plass der det ikkje er bygg, tre, fjell eller andre ting som hindrar deg i å sjå himmelen i sørvest.
– Sidan månen vil stå lågt på himmelen mot sørvest under delar av formørkinga, er det viktig å oppleve fenomenet frå ein stad med fri sikt, seier Knut Jørgen.
Det er også lurt å vere ein stad der det er minst mogleg kunstig lys, som til dømes lys frå busetnader, bilar og gatelys.






















