1800 menneske drog slott på 360 tonn

I helga samla 1800 menneske seg i byen Hirosaki nord i Japan. Med 40 meter lange tau drog dei eit 360 tonn tungt slottstårn over to meter.

Hirosaki-slottet i Japan har fått fleire skadar som følgje av jordskjelv, sidan det blei bygd i 1810. For å reparere skadar i grunnmuren, utan å måtte rive delar av slottet, måtte heile slottstårnet flyttast på, skriv The Guardian.

I 2015 blei derfor japanarar spurde om å vere med å flytte slottstårnet ved hjelp av metoden hikiaya. Hikiaya betyr «hus-flytting» og inneber at ein set heile bygninga oppå skjener og dreg ho med tau. Dette var første gongen hikiaya-metoden blei brukt på over hundre år.

Hirosaki-slottet blei opphavleg bygd i 1611, men brann ned kort tid etter. Det blei bygd opp på nytt i 1810. Foto: Pexels

No er arbeidet med å reparere grunnmuren til slottstårnet ferdig og det skal flyttast 78 meter tilbake til der det opphavleg stod. Igjen har japanarar blitt spurde om å bidra med hikiaya. Heile 8000 menneske frå rundt om i Japan melde seg frivillig. Av dei blei 1800 trekte ut til å trekke slottstårnet på 360 tonn.

I grupper på 80 personar har dei ropt «so-re, so-re» og drege slottstårnet til saman over to meter.

I parkområdet rund Hirosaki-slottet veks det store mengder kirsebærtre som blomstrar om våren. Foto: Manato Kudo / Unsplash

2300 nye personar skal etter planen hjelpe til med å dra slottstårnet tre meter til. Dei til saman fem meterane japanarar saman flyttar slottstårnet er symbolsk handling og skal bidra til ei kjensle av fellesskap.

Dei siste 73 meterane slottstårnet må bli flytta for å kome heilt på plass, skal bli gjort ved hjelp av maskinar innan året er omme.