Fleire foreldre seier nei til smarttelefonar for barn

Mange foreldre over heile Noreg jobbar no saman mot eit felles mål dei håpar å nå innan 2030: Ingen smarttelefon før du er ferdig på barneskulen.

Dette samarbeidet blir kalla Smarttelefonfri barndom (SFB). Heile 481 skular i Noreg jobbar no med å utsette når barna får smarttelefon så lenge som mogleg, skriv Stavanger Aftenblad.

Det er fleire grunnar til at dei vaksne no går saman for å hindre at barn får smarttelefonar tidleg. Dei meiner mellom anna at det vil føre til mindre utestenging og mobbing på nett og i gruppemeldingsappar.

SFB meiner også at barn ikkje like lett vil støyte på skadelege ting på internett dersom dei får telefon seinare. I tillegg vil det bli meir tid til leik, aktivitet og å vere saman med venner i den verkelege verda.

Arbeidet mot at barn skal ha smarttelefonar skjer på skular der det til saman går 231 000 elevar. No ser samarbeidet også ut til å spreie seg til idrettslag og andre fritidsaktivitetar.