FN om internett og KI: – Barn skal ikkje vere prøvekaninar

Nyleg gjekk FN ut og etterlyste høgare beskyttelse av barn mot falsk informasjon, trakassering og ondskapsfull bruk av kunstig intelligens på internett. No vil dei at barn og unge skal vere med å bestemme reglar på internett.

I samband med FNs Internasjonale Ungdomsdag – ein dag som skal sette ljos på unge si rolle, utfordringar og potensial i samfunnet – ytra FN bekymring når det gjeld barn og unge på internett, kjem det fram på FN-sine sider.

Sjefen i FN, António Guterres, samanlikna nokre typar kunstig intelligens med medisin som ikkje har blitt testa skikkeleg enno.

– Ingen barn skal vere prøvekaninar for KI som ikkje er regulert. Når eit barn blir skadd, skal svaret aldri vere at «ei algoritme gjorde det», sa FN-sjefen under ei tale i juli.

At noko ikkje er regulert vil seie at det ikkje følgjer lovar eller reglar.

Generalsekretær i FN António Guterres. Foto: Xuthoria / Wikimedia Commons / CC BY-SA 4.0

Sleipe triks på nett

Ein ny rapport frå FN viser at mange ting som skjer på nett ikkje er tilfeldig. Mange nettsider, appar og spel blir laga for å utnytte menneska som brukar dei – dei er laga for å halde på merksemda til brukaren så lenge som mogleg så selskapa som eig dei tener pengar. 

Dette gjer dei ved hjelp av spesielle algoritmar, skjult reklame og triks som gjer at det blir vanskeleg å legge frå seg mobilen eller datamaskina. No fryktar FN at KI kan vere med på å gjere desse triksa enda meir avanserte.

Vil ha med dei unge på laget

Sjølv om det finst farar på nett, understrekar FN at barn og unge ikkje berre er offer. Mange unge brukar nettet til å skape kule ting, lære noko nytt og kjempe for viktige saker.

Derfor meiner FN at barn og unge må få vere med å bestemme korleis internett og KI skal sjå ut i framtida. 

FN meiner at det er hastverk med å få på plass nye reglar før teknologien tek heilt over, og oppmodar medlemslanda til å sette i gang med å lage reglar og lovar.