Australia: Barn bruker sosiale medium trass forbod

I Australia er det forbode for barn under 16 år å bruke sosiale medium. No viser det seg at forbodet ikkje fungerer heilt som det skal.

I november 2024 bestemte den australske regjeringa at det skulle bli forbode for barn og unge under 16 år å bruke sosiale medium som TikTok, Snapchat, Instagram, Facebook, Reddit og X.

Det lovfesta forbodet har gjeldt sidan 10. desember 2025. No, åtte månader seinare, viser det seg at mange under 16 framleis bruker sosiale medium.

Plattformene er ansvarlege

Det er teknologiselskapa som eig sosiale medium-plattformene som er ansvarlege for å sikre at ingen under 16 år har brukar. Det er så langt inga felles løysing på korleis dette blir sikra, men selskapa kan få store bøter om forbodet ikkje blir følgt.

Nokre appar har ansiktsgjenkjenning som skal skjøne om personen er eldre enn 16 år. Andre appar krev at ein registrerer fødselsdato.

Illustrasjonsfoto: Ingmar / Unsplash

Går utanom forbodet

I ei undersøking viser det seg at 70 prosent av barn mellom 8 og 15 år i Asutralia framleis har kontoar på sosiale medium trass i forbodet, skriv NRK.

Barn og unge har funne ulike måtar å gå utanom forbodet på. Somme lagar nye kontoar og oppgir feil alder når dei registrerer seg. Andre brukar ansiktet til foreldre eller lurar ansiktsgjennkjenningsteknologien på andre måtar.

I Noreg er det aktuelt med eit liknande forbod. Også her vil teknologiselskapa som eig sosiale medium-plattformene vere ansvarlege for at forbodet blir følgt.