Skriv ei bokmelding om ei kjekk bok du har lese!
I ei bokmelding bør du svare på desse spørsmåla:
- Korleis opplevde du boka?
- Kva gjer boka god eller dårleg?
- Kvifor bør andre lese boka (eller la det vera)?
Les meir om korleis du skriv ei bokmelding her!
Krav:
– Teksten må vera mellom 100 og 350 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. Om ikkje alt er rett, så går det fint! Me hjelper til med rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte!
Frist: 15. oktober 2026
Skrivekonkurransen er open for alle mellom 7 og 13 år.
Vinn fine premiar
Den beste klassen med flest gode tekstar får 2000 kroner til heile klassen. Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte, bokmerke og bok i posten.
Tips
Her finn du tips til å skriva lesarbrev!
Innsending
Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla. Hugs å ta med telefonnummeret til ein av foreldra dine eller læraren din.
Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.





















