Planetane TOI -791b og TOI-791c ligg i Mjølkevegen – galaksen vår – men er omtrent 1110 lysår unna. Eit lysår er ein måte å måle avstand i verdsrommet på. Eit lysår er den avstanden lyset tilbakelegg på eitt år.
Desse to planetane er større enn Jupiter, som er den største planeten i solsystemet vårt. Samstundes har dei ein mykje lågare tettleik, skriv Good News Network.
Tettleik er eit mål på kor mykje av eit materiale som finst innanfor eit bestemt område. Til dømes har sukkerspinn lågare tettleik enn ein gråstein, og sukkerspinnet er derfor lettare enn ein gråstein på same størrelse.
Desse nye planetane har nettopp ein tettleik som liknar på tettleiken til sukkerspinn. Det gjer kjempeplanetane to av dei med lågast tettleik nokosinne oppdaga, ifølgje studien frå Universitetet i Oxford.






















