Når ein skal forske må ein samle forskingsdata. Forskingsdata kan til dømes vere observasjonar – noko ein ser eller følgjer med på. Desse observasjonane blir gjerne gjort av ein forskar som skal studere noko bestemt.
Med initiativet Dugnad for havet oppmodar Havforskingsinstituttet vanlege folk til å observere og melde inn det dei har sett.
Havforskingsinstituttet har mange forskingsprosjekt dei held på med. Til dømes Østers, Manetar, Framandartar, Krabbar og andre krepsdyr og Stranda kval, sel eller kvalross. Om du til dømes ser ein sel når du er ved havet kan du registrere dette i det sistnemnde prosjektet.
Ser du mange krabbar på ein bestemt stad, kan du registrere dette i prosjektet Krabbar og andre krepsdyr. Ser du mange maneter på ein bestemt stad, kan du registrere dette i prosjektet Manetar.

Når du registrerer det du har sett markerer du kvar du har sett det på eit kart, legg ved bilde eller film og du kan legge ved ein kommentar til forskaren. Du må rett nok registrere namn, telefonnummer og e-postadresse, så du må gjere registreringa saman med ein vaksen.
Ved at du melder ifrå om kva du ser i havet er du med på å gi forskarane meir data. Dette hjelp dei i å lære meir om det dei studerer i havet. Denne måten å samle inn data på heiter folkeforsking.






















