Nyleg gjekk myndigheitene i Storbritannia ut og fortalde om forbodet som vil tre i kraft tidleg i 2027, skriv BBC.
Regjeringa vurderer også å sette ei tidsgrense på sosiale medium for alle under 18, for å stoppe «endelaus» skrolling.
– Å halde barn unna sosiale medium er den beste måten å halde dei trygge på, seier statsminister Keir Starmer.
Plattformer som blir forbodne
Snapchat, TikTok, Instagram, Facebook, YouTue og X er blant plattformene som blir forbodne for barn og unge under 16 år. Alle plattformene som forbodet vil gjelde er rett nok ikkje kjent enno.
Samstundes vil ikkje YouTube kids og andre versjonar av YouTube som er laga for å vere trygge for barn, bli forbode.
Myndigheitene sa at forbodet som vil kome i Storbritannia vil «gå lenger» enn i andre land. Dette inneber at plattformer der framande kan kontakte barn, slik som gjennom livestream og gaming, også vil bli råka av forbodet.
Utfordrande
Britiske myndigheiter har ulike alternativ for korleis dei skal sikre at forbodet blir følgt. Mellom anna er eitt alternativ aniktscanning og bruk av teknologi som skjønar kor gamal ein person er utifrå bilde av ansikt.
Det kan likevel bli utfordrande å identifisere barn og unge under 16, sidan denne aldersgruppa ikkje har ID og data lagra og i bruk på same måte som vaksne.
Akkurat kva plattformer som vil bli forbodne og korleis forbodet skal fungere, vil bli kjent i juli.






















