Russland vil la 12-åringar få sommarjobb

Russiske styresmakter vurderer å la barn heilt ned til 12 år få jobba om sommaren.

I dag er aldersgrensa 14 år for dei fleste jobbar i landet.

Forslaget kjem frå det russiske barneombodet, Olga Jaroslavskaja. Ho meiner mange barn ønskjer å jobba i ferien, og at dagens reglar er for strenge, skriv Sol.no.

– Når me snakkar med ungdom frå 12 år og oppover, seier nesten alle at dei ønskjer å jobba om sommaren, sa ho på ein pressekonferanse.

Manglar arbeidskraft

Russland slit med mangel på arbeidskraft. Ifølgje økonomar har situasjonen blitt verre etter krigen i Ukraina. Barneombodet ønskjer også å ta tilbake ei ordning frå sovjettida, der ungdom kunne delta i eigne arbeidsleirar om sommaren. Ho meiner dette kan gi ungdom arbeidserfaring og noko å gjera i ferien.

Kva er reglane i Noreg?

I Noreg er hovudregelen at barn under 15 år ikkje kan ha vanleg arbeid. Men frå du er 13 år kan du gjera lett arbeid, som til dømes avisbod eller enkelt butikk- og kontorarbeid. Då må foreldra gi skriftleg samtykke.

Barn under 13 år kan berre jobba i spesielle tilfelle, til dømes innan kultur, idrett eller reklame, og då må Arbeidstilsynet godkjenna det på førehand.