No er det tid for å søkja sommarjobb

Kor mange år må du vera for å skaffa deg jobb i sommar? Og kva arbeid kan du som er under 15 år gjera? Ung.no har svar på alt du lurer på om sommarjobb.

Det er ulike sommarjobb-reglar for deg som er under 13 år, og deg som er under 15 år.

Du som er under 13 år har som hovudregel ikkje lov å arbeida, men det finst nokre unntak. Viss familien din driv gard, kan du som er under 13 år hjelpa til med til dømes potethausting, bærplukking og lett stell av dyr. Du kan også vera med i filminnspeling eller teater. Du må hugsa at du må ha skriftleg løyve frå foreldre eller andre føresette, og Arbeidstilsynet må gje sitt samtykke på førehand.

For deg som er fylt 13 år

Viss du har fylt 13 år, kan du utføra det som blir kalla «lett» arbeid. Det betyr at du kan gå med avisa eller reklame, eller gjera lettare ryddearbeid eller reinhald. Kanskje nokon i nabolaget treng hjelp til husvask? Du kan også lufta hundar, passa barn, vaska bilar, klippa gras eller hjelpa å måla eit hus.

Er det nokon som driv med dyrking av jordbær der du bur? I så fall kan du plukka jordbær eller jobba med å hausta andre frukter eller bær. Det er også lov å hjelpa til med stell av dyr. Du kan også spørja i ein butikk om du kan jobba med å rydda i hyllene, vaska eller halda orden.

Gode tips til jobbjakta:

  • Start jobbjakta tidleg. Det er det aller viktigaste! Dei beste jobbane går fyrst. 
  • Fortel alle du kjenner at du ser etter sommarjobb. Bruk nettverket ditt!
  • Stikk innom butikkar, kaféar, restaurantar, hytteuleie, campingplassar, gardar og alle andre tenkelege bedrifter. Spør om å få prata med dagleg leiar eller den som er ansvarleg for å tilsetja sommarvikarar. Ved å visa at du er motivert, høfleg og har godt humør, aukar du sjansane for at dei vel nettopp deg.
  • Kontakt lokalavisa og spør om dei har nokre ledige avisruter.
  • Spør på stader i lokalmiljøet der det blir dyrka jordbær.
  • Spør i butikken om dei treng nokon til å rydda i hyllene eller vaska golv.
  • Spør naboen om dei treng barnevakt av og til.
  • Kom med idear til kva slags oppgåver du kan gjera for dei! Kanskje dei treng eit par ekstra hender til å koka kaffi, arkivera, rydda lagar, tørka støv eller anna?
  • Heng opp lappar på butikken, lærarrommet, på Posten, biblioteket, der du skriv at du kan gjera småjobber som å mala, lufta hunden, vera barnevakt, gjera hagearbeid, husvask, ta inn posten osb.
  • Ta med jobbsøknad og CV som du leverer frå deg. Er det mange som søker, kan du skilja deg positivt ut i bunken fordi dei hugsar at du kom innom. På nettsida unginfo.no finn du mal til CV som du kan lasta ned og fylla ut.
  • Sjekk utlysninger på nett og oppslag i lokalmiljøet. Det finst fleire nettstader som er fine å bruka når du leitar etter sommarjobb. Sjekk til dømes: Finn.no, NAV.no, Jobbnorge.no og Jobbsafari.no. Ellers kan det vera ein god idé å kika på oppslagstavler i butikkvindauge eller på busshaldeplassen, eller ta ein kikk i lokalavisa. Kanskje ser du òg ein butikk som har hange opp lapp i vindauget om at dei leitar etter sommarvikarar?

(Kjelde: Ung.no)