Brukte mumie til å bake brød

Forskarar fann gjær som vaks i magen til ein mumie. Gjæren brukte dei til å lage velsmakande brød.

For 35 år sidan fann tyske turgåarar leivningane etter ein mann i eit italiensk fjellområde. Mannen, som seinare har blitt kalla Ismannen Ötzi, skulle vise seg å ha døydd for 5300 år sidan.

Liket til Ötzi var mumifisert fordi det har vore nedfrose sidan han døydde og fram til han vart funne. At eit lik er mumifisert vil seie at kroppen ikkje rotnar, men framleis har hår, hud, indre organ og andre kroppsdelar.

Ismannen Ötzi har vore utstilt på eit museum i Italia sidan 1998. Der har han blitt oppbevart i -6 grader – same temperatur kroppen har vore i under isen.

Fann gjær

No er det gjort forsking på Ismannen Ötzi. Då blei det funne mikroorganismar. Mikroorganismar er levande vesen som består av berre éi celle. Dei er så små at ein ikkje kan sjå dei med det blotte auget.

Ein annan ting forskarane fann inne i kroppen til Ötzi, var gjær. Gjær er ein slags sopp som ofte blir brukt i bakst. Forskarane trur at gjæren kom inn i kroppen til Ötzi like etter at han døydde, og har overlevd alle desse åra under isen.

I etterkant gjenskapa forskarane gjæren frå mumien, for dei hadde lyst til å prøve å bake brød av han. Det tok nokre forsøk, men til slutt klarte dei å bake eit vellukka brød.