Hetebølgje i India: Stenger skular

Sidan april har det vor mellom 32 og 45 varmegradar i mange indiske byar. No stengjer skular og leikeplassar for å beskytte barn mot dei høge temperaturane

India
  • India er eit land som ligg sør i Asia.
  • Hovudstad: New Delhi.
  • Innbyggjartal: 1450,9 millionar.
  • Språk: hindi og engelsk.
  • Varmerekord: 51 grader.
Bilde: Pixabay

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Hetebølgje er ein lengre periode med høg varme. Varmen kan ha store følgjer for folk si helse. Det kan vere alt frå hovudpine og søvnvanskar til meir alvorlege tilstandar som dehydrering og heteslag.

Dehydrering er når ein har for lite vatn i kroppen til at kroppen fungerer som han skal. Heteslag er når kroppstemperaturen aukar raskt, ofte til over 40 grader. Når ein har heteslag, er det også vanleg å bli sløv eller svime av. Både dehydrering og heteslag må ofte behandlast på sjukehus.

Varmt overalt heile tida

I det siste har det blitt registrert temperaturar opp mot 48 plussgradar i India. Temperaturen held seg også svært høg på natta – gjerne over 30 grader – så folk får ikkje pause då heller, melder NRK.

Samstundes er India eit land der folk bur tett i byar som held på varme. Dei færraste har tilgang på aircondition heime, så dei får avkjøla seg og mange jobbar ute. Dermed har det blitt mange sjukehusinnleggingar på grunn av den ekstreme varmen.

Ein indisk gut kjøler seg ned med vatn. Foto: Channi Anand / AP Photo / NTB

For varmt for skule

Fram til no har myndigheitene gjort fleire tiltak for å beskytte menneska mot varmen. Rundt omkring i byane er det sett opp avkjølingssonar med viftar og vatn, skriv BBC.

Eldre, gravide og barn blir råda til å halde seg innandørs. På skular har all aktivitet utandørs vore avlyst. Vidare har skuleklokkene blitt stilte inn til å ringe kvart 45.–60. minutt for å minne elevane på å drikke vatn.

No har rett nok mange skular stengt for sommaren på grunn av den høge varmen. 

Varm vind og klimaendringar

Hetebølgja kjem som følgje av varm vind som fører med seg varme frå nabolandet Pakistan og ørkenområda rundt India.

Samstundes blir India, saman med resten av verda, varmare på grunn av klimaendringar. Klimaendringane gjer at det blir hyppigare og meir intense hetebølgjer.

Ekspertar trur hetebølgja i India kjem til å fortsette utover i juni.