Sjimpanse
- Sjimpanse er ein stor primat som lever i Afrika.
- Primatar er ei stor gruppe pattedyr som består av mellom anna menneske, menneskeapar, ekte apar, halvapar og spøkelsesapar.
- Sjimpanse er nærare i slekt med mennesket enn med andre apar som orangutangar og gorillaer.
- Sjimpansar er 1-1,7 meter høge når dei står på bakbeina.
- Hannar veg 35-70 kilo og hoer veg 35-70 kilo.
- Sjimpansen er ein utryddingstruga art.
Kjelde: Vesle norske leksikon
Sjimpansane som lever i Kibale nasjonalpark i Uganda blir kalla Ngogo-sjimpansar og er det største sjimpansesamfunnet i verda med over 200 apar. I 2018 skulle Ngogo-sjimpansane, som fram til då hadde levd fredeleg saman, bryte saman i krig, skriv BBC.
Sidan då har 27 aper blitt drepe i borgarkrigen. 11 av desse er babyar.
Medlemmane i det store sjimpansesamfunnet var samansveisa. Plutseleg delte flokken seg opp i to grupper – dei vestlege sjimpansane og sentralsjimpansane – og vart svært fiendtlege. Forskarane som no har studert Ngogo-sjimpansane, skjønar ikkje kvifor borgarkrigen held fram åtte år seinare.
Dei kallar dette ein borgarkrig, sidan krigen er mellom to grupper som høyrer til det same samfunnet. Borgarkrig er ein krig som blir utkjempa mellom to grupper i same land.
Moglege forklaringar
Forskarane har funne tre moglege årsaker til at borgarkrigen braut ut:
- I 2014 døydde seks sjimpansar. Dette kan ha forstyrra det sosiale nettverket i flokken og svekka sosiale band.
- I 2015 var det eit byte i kven som var alfahannen (leiaren) i flokken. Store endringar som dette kan føre til reaksjonar som aggresjon og at sjimpansar unngår kvarandre.
- I 2017 døydde 27 sjimpansar på grunn av sjukdom. Ein av hannsjimpansane som døydde var ein av dei siste sjimpansane som kopla saman dei to gruppene.
Forskarane meiner at det kan vere nyttig for oss menneske å sjå på funna i denne studien, for å lære meir om krig og konflikt menneske imellom. Sidan sjimpansar er i nær slekt med menneske, kan åtferda deira i stor grad likne vår.
– Vi må bruke denne studien som ei påminning om kor farleg det er med grupperingar og inndelingar, for menneskesamfunn, seier forskar James Brooks til BBC.





















