Malariavaksinering fører til færre barnedødsfall

Mange afrikanske barn mistar livet som følgje av sjukdommen malaria. No viser ein rapport at malariavaksinen reddar mange barneliv.

Vaksine

Vaksine er eit legemiddel som beskyttar mot alvorlege sjukdommar. Ein får som regel vaksinar i sprøyter. Stoffet som blir sprøytt inn, trenar kroppen til å beskytte seg mot sjukdommen ein er vaksinert mot.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Malaria er ein alvorleg infeksjon og ein sjukdom ein kan bli veldig sjuk eller i verste fall døy av. Sjukdommen blir spreidd ved at mygg har han med seg og smittar menneske han stikk.

Rundt 600 000 menneske døyr av Malaria årleg. Dei fleste av desse dødsfalla er blant barn i Afrika.

Mellom 2019 og 2023 begynte dei afrikanske landa Ghana, Kenya og Malawi å vaksinere barn mot sjukdommen. No viser nye tal frå ein rapport av vaksineringa har hatt noko føre seg, skriv Verdas helseorganisasjon (WHO).

Ifølgje rapporten har 1 av 8 barnedødsfall blitt unngått på grunn av malariavaksinen.

No er malariavaksinen tilgjengeleg i til saman 25 afrikanske og vil truleg gjere at fleire barn får vekse opp.

Det er ikkje mogleg å bli smitta av malaria i Noreg.

Malaria er ein sjukdom som blir spreidd med mygg. Foto: Pixabay