Fakta om Eurovision
- Har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.
- Er ein stor musikkonkurranse mellom land i Europa.
- Kvart land sender éin artist og éin song.
- Sjåarane og juryar stemmer fram vinnaren.
- Noreg har vunne Eurovision tre gonger tidlegare. Bobbysocks vann i 1985 med songen «La det swinge», Secret Garden vann i 1995 med songen «Nocturne» og Alexander Rybak vann i 2009 med songen «Fairytale».
Etter at Noreg vart ropt opp som finalist, jubla den norske artisten, skriv NRK.
– Eg tenkjer jippi! Det er heilt sinnssjukt, seier Jonas Lovv til eit samla pressekorps.
Mange var spente på om Noreg kom til å gå vidare. Før semifinalen trudde fleire ekspertar at det kunne bli vanskeleg. Men under showet fekk Noreg mykje støtte frå sjåarane.
– Det er sjukt herleg å ta dette vidare.
– Me har hatt tru på det heile tida. Eg veit me har noko bra her. Herleg å få eit bevis frå resten av Europa, seier Lovv.
I finalen skal Noreg konkurrera mot fleire andre land frå Europa. Blant dei er Sverige, Finland og Danmark.
Finalen blir arrangert i Wien i Austerrike laurdag 16. mai.






















