Kalkunar, Marcus & Martinus og 10 andre fakta om Eurovision!

Songkonkurransen Eurovision er 70 år i år! Hurra for jubilanten som fortset å begeistra, provosera og inkludera.

1. Eurovision blei starta i 1956 for å fremja samhald mellom land i Europa. Også nasjonar som ikkje høyrer til Europa får delta, mellom anna Australia og Israel. I dag deltek mellom 35-40 land og mellom 160-180 millionar sjåarar får med seg Eurovision!

Dami Im kom på andre plass i finalen i 2016 og gav med det Australia sin beste plassering noko sinne i Eurovision. Foto: Albin Olsson, CC BY-SA 4.0-lisens

2. Eurovision foregår på følgande måte: Først har kvart land sin eigen konkurranse. I Noreg heiter den Grand Prix. Vinnarane frå kvart land får reisa til semifinalar, der om lag 25 bidrag kjem seg vidare til den store europeiske finalen. 

3. Sidan Austerrike vann i fjor, er det dei som arrangerer finalen i år. Den blir halden i Wien på laurdag 16. mai 2026. Forhåpentlegvis kvalifisterer Noreg seg i år med sitt bidrag! Jonas Lovv stiller med band og syng songen «Yayaya».

Jonas Lovv og bandet er kjende for sitt gode sceneshow. Foto: Quejaytee, CC BY-SA 4.0-lisens

4. Noreg har vunne Eurovision tre gonger! Første gong i 1985 då Elisabeth Andreassen og Hanne Krogh i Bobbysocks framførte Rolf Løvland sin komposisjon, «La det swinge». Fordi orkesterdirigenten var nervøs, så blei songen framført i litt ekstra høgt tempo. Dette viste seg å vera lurt, for det svinga verkeleg ekstra denne finalekvelden i Gøteborg!

Elisabeth (til høgre) mista eine øyredobben på veg opp på scena. Publikum trudde det var meininga, og i etterkant blei det mote å gå med berre ein øyredobb. Foto: Riksarkivet

5. Andre gong Noreg vann, var i 1995 med Secret Garden sin «Nocturne», også denne komponert av Rolf Løvland. Då Noreg vann for tredje gong, i 2009, sette Alexander Rybak ny poengrekord med songen «Fairytale»! Den hadde han skrive sjølv, noko som ikkje alltid er så vanleg i konkurransen.

Alexander Rybak si vinnarlåt «Fairytale» blei ein global hit etter sigeren i 2009. Foto: Vugarİbadov, CC BY-SA 3.0-lisens

6. Eurovision er kjent for å vera ein inkluderande arena der deltagarar med alle legningar, kjønn, religion og hudfargar er velkomne. Ein del av artistane opplever diverre hets på sosiale medier, men dei opplever også mykje støtte. Eurovision er med på å styrka rettane til utsette grupper i land der myndigheitene trugar fridomen deira.

Conchita Würst heiter eigentleg Thomas Neuwirth. Dragartisten frå Austerrike vann Eurovision-finalen i 2014 med songen «Rise like a Phoenix». Foto: Albin Olsson, CC BY-SA 3.0-lisens

7. Eurovision skal vera fritt for politikk. I reglane står det at utøvarane ikkje har lov til å ha politiske budskap i songane sine eller bæra politiske symbol på scena, kun eige nasjonalflagg. Nasjonar som fører invasjonskrig mot andre, som Russland, får ikkje lov til å vera med.

Kalush orchestra frå Ukraina vann Eurovision i 2022 med låta «Stefania» Foto: LTV Ziņu dienests, CC BY 3.0-lisens

8. Dei siste åra har det vore mykje diskusjon rundt Israel si deltaking fordi det er usemje rundt landet sin krig mot Palestina. Landet får delta, men folk er så ueinige at fleire boikottar konkurransen i år, 2026, mellom anna Spania. Det er altså ikkje så lett å skilja kultur og politikk!

Spania kom på 24. plass i den internasjonale finalen i 2025. Her poserer Melody saman med dansarane sine då ho vann den nasjonale finalen i Spania. Foto: Eurovision-Spain

9. I perioden 2002-2019 blei det arrangert Grand Prix Junior i Noreg for barn mellom 8 og 15 år. Som tiåringar deltok Marcus & Martinus og fekk sitt store gjennombrot i 2012 med  «To dråper vann». Som vaksne har dei delteke i Eurovision for Sverige (!) og kom på niandeplass i Malmö i 2024.

Marcus & Martinus kom på niande plass i finalen med låta «Unforgettable» då dei representerte Sverige i Eurovision i 2024. Foto: L.Enochson, CC BY-SA 4.0-lisens

10. Også kalkunar får lov til å delta i Eurovision! Kalkunen Dustin spela av John Morrison var Irland sitt bidrag i 2008. Det blei diverre ingen finale på Dustin, men som kalkunartist gjer han det stort både på TV og på hitlistene i heimlandet Irland.

Kalkunen Dustin kjørte eit forrykande sceneshow under semifinalen i Beograd i 2008. Foto: Daniel Aragay CC BY 2.0-lisens

11. Det er ikkje lov med ekte dyr på scena i Eurovision. Andre dyrefigurar som har vore sett på Eurovisionscena inkluderer ein dansande gorilla frå Italia (2017) og dansande ulvar frå Noreg (2022).

Gje den ulven ei banan! song Subwoolfer frå Noreg i 2022. Dei kom på 10. plass i finalen. Foto: MandyPettersen, CC BY-SA 4.0-lisens

12. Den yngste vinnaren av Eurovision er belgiske Sandra Kim. Ho var berre 13 år då ho vann i 1986! I dag er det 16-års aldersgrense, men det er lov for barn å vera med i publikum! Alle som vil kan sjå konkurransen på tv og stemma på sin favoritt frå sofaen. Mange har fest der dei kler seg ut og kosar seg med vener eller familie. 

Eurovisionfinalen i Baku, Azerbaijan 2012. Inga aldersgrense for å vera i publikum! Foto: Vugarİbadov, CC BY-SA 3.0-lisens