Dette er Noregs favorittbolle

Etter tusenvis av stemmer frå folk over heile landet, er vinnaren kåra.

NRK-konkurransen starta med over 1300 kommentarar og forslag frå folk som elskar bollar. Til slutt valde ein jury ut ti finalistar, og så fekk publikum stemma på favoritten sin.

Vinnaren vart kanelbollen, som også blir kalla skillingsbolle eller kanelsnurr.

– Eg trur alle elskar lukta av kanelbolle. Det er noko med kosen rundt denne bollen. Lunt og godt, seier programleiar i Bakemesterskapet, Julie Strømsvåg til NRK.

På andreplass kom skulebollen, medan sommarbollen fekk tredjeplass.

Håpa på vaniljekrem

Programleiaren Jonas Bergløv hadde håpa at ein bolle med vaniljekrem skulle vinna.

– Det kunne jo ha vore verre. Me kunne ha enda opp med rosinbollen, så eg er glad for at det norske folket har fornufta i behald, seier han til NRK.

Juryen meiner nordmenn er ekstra glade i bollar samanlikna med mange andre land.

– Me har skjønt at bollar definerer nordmenns liv. Dei definerer seg kanskje ut frå kva bolle dei liker, seier bakaren André Løvaas.

Han fortel at dei lagar rundt 2000 kanelbollar på ein vanleg laurdag på jobb.

Mange ulike bollar kjempa om sigeren. Dette var dei ti finalistane:

  • Fastelavnsbolle
  • Kveitebolle
  • Kanelbolle / kanelsnurr / skillingsbolle
  • Kardemommebolle
  • Mandelbolle
  • Rosinbolle
  • Sjokoladebolle
  • Skulebolle / skulebrød
  • Sommarbolle
  • Vaniljebolle

Kva er din favorittbolle?

Kva er din favorittbolle?

Fastelavnsbolle7
Kveitebolle1
Kanelbolle34
Kardemommebolle22
Mandelbolle1
Rosinbolle313
Sjokoladebolle17
Skulebolle19
Sommarbolle8
Vaniljebolle12
Svar totalt: 434