Fann ein kjempestor rubin i Myanmar

Rubinen veg 2,2 kilo og er på heile 11.000 karat. Det gjer den til ein av dei største rubinane som nokon gong er funne i landet.

Steinen vart graven opp i Mogok-dalen i Myanmar. Området er kjent for å ha nokre av dei finaste edelsteinane i verda, skriv NRK.

Den største rubinen som tidlegare er funnen der, vart oppdaga i 1996. Den var endå større – på 21.450 karat. Karat er ei måleeining som blir brukt for å fortelja kor mykje ein edelstein veg. Éin karat er 0,2 gram. Det betyr at 11.000 karat er det same som 2,2 kilo.

Veldig verdifull

Sjølv om rubinen som vart funnen i 1996 var større, meiner ekspertar at den nye rubinen kan vera meir verdifull fordi den har ekstra fin farge og veldig god kvalitet.

Det er ikkje kjent kor mykje rubinen er verd. Men slike edelsteinar kan bli selde for mange millionar kroner.