Holet i ozonlaget er på veg bort


Ein viktig internasjonal avtale har gjort at ozonlaget rundt jorda held på å bli friskare igjen.

Ozonlaget er eit lag med gass høgt oppe rundt jorda. Det fungerer nesten som solkrem for planeten vår, fordi det stoppar farlege strålar frå sola før dei treffer oss. Tidlegare vart dette laget skada av gassar som menneske slapp ut.

No er holet i ozonlaget i ferd med å forsvinna, skriv Verdens Beste Nyheter.

Kva er ein internasjonal avtale?

I 1987 vart ein viktig avtale laga. Avtalen heiter Montrealprotokollen. Den gjekk ut på mange land i verda skulle slutta å bruka gassar som øydelegg ozonlaget.

Ein internasjonal avtale er ein avtale mellom mange land. Landa blir samde om reglar og lover dei skal følgja saman.

Nesten alle land i verda vart med på avtalen. Dei slutta etter kvart å bruka dei farlege gassane. Derfor vert Montrealprotokollen rekna som ein av dei mest vellykka internasjonale miljøavtalane.

Resultatet er at ozonlaget no er på veg til å bli friskare igjen.

Skadeleg stråling

Viss ozonlaget blir for tynt, slepper meir skadeleg UV-stråling frå sola gjennom. Det kan gi solbrend hud, sjukdommar og skada naturen.

No tyder forskinga på at ozonlaget kan bli nesten heilt som før igjen rundt år 2050, viss utviklinga held fram.