Raudt hår har vorte meir vanleg

Raudt hår er sjeldan, men no meiner forskarar at genet bak kan ha fått hjelp av evolusjonen dei siste 10.000 åra.

Evolusjon betyr at levande vesen endrar seg litt etter litt over veldig lang tid. Eigenskapar som er nyttige, kan bli vanlegare fordi dei som har dei, har større sjanse for å klare seg og få barn.

Berre 1–2 prosent av befolkninga i verda har raudt hår. Men no har forskarar funne noko spennande: Genet for raudt hår kan ha vorte vanlegare over tid, skriv Forskning.no.

Eit gen er ein liten «oppskrift» i kroppen som bestemmer eigenskapar, som til dømes hårfarge. Du arvar gen frå foreldra dine.

Forskarar har undersøkt DNA frå nesten 16.000 menneske som har levd gjennom dei siste 10.000 åra. Dei ville finna ut korleis ulike genetiske eigenskapar har endra seg.

Dette heng saman med noko som blir kalla naturleg seleksjon. Det betyr at eigenskapar som gir ein fordel, kan bli meir vanlege.

Kan ha vore ein fordel

Men kvifor akkurat raudt hår? Det er forskarane ikkje heilt sikre på. Ei mogleg forklaring er at personar med raudt hår og lys hud kan laga D-vitamin meir effektivt. Det er ekstra nyttig i område med lite sol, som i Norden.