Tyske barn feira vår og samhald

Nyleg feira barn og vaksne at det er mai og vår i byen Kübach i Tyskland. Feiringa blei markert med oppreising av ein såkalla Maibaum.

Den vesle byen Kübach ligg i Bayern, sør i Tyskland. I Bayern har det i fleire hundre år vore tradisjon å sette opp Maibaum, som betyr maistong på norsk, i starten av mai, skriv Ap News.

Maibaumen blir tradisjonelt reist 1. mai og i år var ingen unntak. Då var det folkefest i gatene med musikk, heiarop, mat og drikke, og både barn og vaksne deltok.

Unge menn i tradisjonelle jklede reiser ein maibaumen i Kübech 1. mai. Foto: Foto: Matthias Schrader / AP Photo / NTB

Oppblomstring og fellesskap

Maibaumen er ein veldig høg stokk som gjerne er dekorert med måling, utsmykkingar og grøne blad. Oppreisinga av maibaumen symboliserer ein ny start, vår og oppblomstring, i tillegg til samhald og fellesskap.

Det er mange unge menn som saman set opp den høge og tunge stokken. Dei har på seg skjorte og skinnshorts, som er tradisjonelle tyske klede.

Tradisjonar

Frå gamalt av var det vanleg å forsøke å stele maibaumen frå nabobyar, så ein måtte vakte stokken godt. Også i år blei maibaumen i Kübach nøye vakta døgnet rundt i fleire veker før han blei sett opp.

Det er også tradisjon at presten velsignar maibaumen. Å velsigne vil seie å gjere at Gud passar på noko. I år sat barn på maibaumen då han blei teke fram for å bli velsigna (sjå bilde på toppen).

Maibaum-tradisjonen er vanleg i sørlege delar av Tyskland og Austerrike.