Laga Noregs beste skuleavis

6. klasse ved Søvik skule i Haram kommune vann skuleaviskonkurransen til Landslaget for lokalaviser og Framtida Junior.

Jubelen stod i taket då klassen fekk høyra at dei hadde vunne prisen for beste skuleavis i Noreg. Klassen får 5000 kroner i premie.

Juryen seier dette om vinnarane:

«Vinnaren av skuleaviskonkurransen har laga ei variert og flott avis med mykje interessant innhald. Her kan du lesa både mange intervju, reportasjar, nyhende, bokmeldingar, teikneserie, musikktips og oppskrifter. Elevane har brukt mange ulike og tydelege kjelder. Både jenter og gutar og vaksne er intervjua og avisa er godt presentert med mange fine bilde og fengande overskrifter.»

Nær hundre klassar deltok i konkurransen. Dei andre finalistane var Roaldsøy skole i Stavanger, 7. trinn ved Åmås friskule i Ørsta, 7. trinn ved Lunden skole i Hamar og 6. trinn ved Førland skule i Tysvær.

Vinnaren blei offentleggjort på landsmøtet til Landslaget for lokalaviser på Voss på laurdag.

Søviknytt har åtte sider med mykje variert innhald.