Gibraltar
- Ein by og eit område (ei halvøy) som heng saman med den sørlege delen av Spania
- Gibraltar er eit britisk oversjøisk territorium – oversjøisk territorium er eit område som ligg utanfor eit land, men likevel er ein del av landet
- Gibraltar er 10 kvadratkilometer stort og det bur 39 000 menneske der – det gjer området til eitt av dei tettast befolka i verda
- Turisme er viktig for økonomien i Gibraltar

Kjelde: Store norske leksikon
Gibraltar er kjent for sine mange aper som gjerne helsar på turistane som er på besøk. Turistane matar ofte apene med alt frå potetgull til sjokolade til iskrem.
Apene er heller ikkje framande for å ete matrestane til turistane eller til og med stele maten frå dei. Ofte er dette salt og søt mat i kategorien søppelmat, som gjer at apene kan få vondt i magen.
Har funne ein medisin
No har forskarar observert at gibraltarapene et jord, og at dei som har mest kontakt med turistar et aller mest jord. I tillegg et dei mest jord i feriesesongen.
Forskarane mistenkjer at denne jordetinga er eit forsøk på å bli betre i magen. Dei trur at jorda kan fungere som ein slags medisin mot magevondt.
Gibraltarapene blir dagleg mata med frukt, grønsaker og frø av lokale myndigheiter, men dette hindrar ikkje apene frå å ete usunn mat.
Einaste apene i Europa
Apene, som er av arten berberape, blei truleg innført i Gibraltar omkring 1740. Apene er rundt 50–60 centimeter og veg omtrent 11–15 kilo.
Berberapene, som det no er omtrent 230 av i Gibraltar, er den einaste viltlevande apa i Europa. Elles i verda finst berberapa i Afrika i landa Marokko og Algerie.






















