Gorilla
- Gorillaer er verdas største primat (ape)
- Menneskearten er i nær slekt med gorillaer
- Gorillaer lever vanlegvis i 35–40 år, men i fangenskap kan dei bli eldre
- Det finst to artar som lever i Afrika: austgorilla og vestgorilla
- Hangorillaer kan bli 185 centimeter lange og 200 kilo
- Hogorillaer kan bli 150 centimeter lange og mellom 70 og 115 kilo
- Gorillaer lever i skog og fjell opp mot 3900 meter over havet
- Dei et plantar og litt insekt
Kjelde: Vesle norske leksikon
I staden for å feire dagen med kaker og søtsaker, kosa gorillaen Fatou seg med brokkoli, eple, beter, lauk og salat.
Fatou er ein såkalla vestleg låglandgorilla og ho kom til dyreparken i Tyskland i 1959 – for 67 år sidan. Då var ho omtrent to år.
Den nøyaktige fødselsdatoen til Fatou er dei som arbeider i Berlin Zoo ikkje sikre på, men han er sett til og markert rundt 13. april.
Gammal dame
Fatou har vore den eldste bebuaren i dyreparken sidan 2024. Då døydde flamingoen Ingo i ein alder av 75 år.
Ettersom Fatou har blitt eldre likar ho seg best for seg sjølv. Ho har mista tenna sine, har dårleg høyrsel og slit med betennelse i ledda.

Kjem frå Vest-Afrika
Fatou blei fødd i jungelen i Vest-Afrika, før ho blei fanga av ein fransk seglar som tok ho med til Marseille i Frankrike.
I Frankrike blei gorillaen seld vidare til Berlin Zoo.






















