Halvmaraton
- Eit løp som går over 21 097,5 meter – ofte runda opp til 21 100 meter som tilsvarer 21,1 kilometer
- Distansen er halvparten av maraton
- Halvmaraton er ei friidrettsgrein i kategorien langdistanseløping
- Noregsrekord, kvinner: Karoline Bjerkeli Grøvdal – 1 time 6 minutt og 55 sekund
- Noregsrekord, menn: Sondre Nordstad Moen – 59 minutt og 48 sekund
- Verdsrekord: Jacop Kiplimo – 56 minutt og 42 sekund
Kjelde: Wikipedia
For andre år på rad blei det arrangert halvmaraton for robotar i Beijing i Kina, som ein del av Humanoid Robot Games – eit slags sportsmeisterskap for robotar.
I år deltok fleire enn 100 robotar, nesten fem gonger så mange som i fjor. I fjor sprang vinnarroboten på to timar og 40 minutt. I år var vinnaren mykje raskare, skriv CNN.
Det var ein robot laga av smarttelefonselskapet Honor som vann løpet på berre 50 minutt og 26 sekund.
Verdsrekorden i halvmaraton er på 56 minutt og 42 sekund. Det er Jacob Kiplimo frå Uganda som tok verdsrekorden under Barcelona halvmaraton i fjor.

Kina satsar på robotar
Kina er leiande når det kjem til å utvikle og produsere robotar, og då mellom anna humanoide robotar. Humanoide robotar er robotar som ser ut og fungerer som menneske.
Det var humanoide robotar som deltok i halvmaratonløpet.
Teknologiselskapa som lagar desse robotane har gjort store framsteg i utviklinga av slike robotar, sidan i fjor. Dette blei tydeleg sidan årets robotdeltakarar var mykje raskare enn fjorårets.






















