Visste du at tyggis inneheld mikroplast?

Ny forsking viser at du kan få i deg mikroplast når du tygg tyggis.

Menneske har togge tyggis i tusenvis av år, men tyggisen me brukar i dag er annleis enn den var før. I dag er mykje av tyggisen laga av syntetiske materiale, som kan innehalde plast, skriv Ung.Forskning.no.

Slepp ut små plastbitar

Forskarar ved Universitetet i California i USA har undersøkt kva som skjer når ein tygg tyggis. Dei fann at tyggisen kan sleppa ut mange små plastbitar, såkalla mikroplast, i munnen.

Mikroplast er svært små plastpartiklar som ikkje er synlege for auga.

Veit ikkje kva som skjer i kroppen

Forskarane veit framleis ikkje sikkert kva som skjer med mikroplasten når han kjem inn i kroppen. Det er uklart om plasten blir verande i kroppen, eller om han passerer gjennom og kjem ut igjen.

Det er også uvisst om mikroplast frå tyggis er skadeleg.

Forskarane understrekar at det trengst meir kunnskap for å forstå kva effekt mikroplast kan ha på kroppen.

Annleis enn før

Tidlegare var tyggis laga av naturlege stoff, som kvae frå tre. Ettersom det er vanleg at dagens tyggis inneheld syntetiske stoff, meiner forskarane at det er viktig å forska vidare på mikroplast i tyggis.