Kva handlar Oppdrag romvesen om, heilt kort?
Christian: Me møter Jakob som blir fadderen til den nye jenta i klassa, Ramona. Men ho er ikkje heilt som andre barn. Ho er nemleg eit romvesen, og kan ikkje noko som helst om korleis eit menneske skal oppføra seg. Jakob må skjula at Ramona er eit romvesen. Klarar han det, får han utbetalt 2,6 millionar av sjølve statsministeren. Det blir knall og fall og komiske situasjonar.
Korleis fekk de ideen til historia?
Ingunn: Me heiv ut masse forskjellige idear, så sette me oss ned og såg på kva me likte best, og kvar det var enklast å koma på idear til scener. Etter litt prøving var det romvesenideen som skilte seg ut.

Korleis fann de på karakterane?
Ingunn: Når romvesenideen var på plass, var det openbert at eit romvesen måtte vera med. Då synest begge det var moro at ho var litt koko, og at menneskebarnet skulle vera ganske normalt og lett å kjenna seg att i for lesarane. Om hovudpersonane er litt forskjellige, er det lettare å finna på konfliktar og rare situasjonar.
Kva var det vanskelegaste å få til då de skreiv boka?
Ingunn: Eg kjem ikkje på ein einaste ting.
Christian: Nei, me laga ein ganske god plan på korleis kvart kapittel skulle starta og enda, så det var faktisk ikkje så vanskeleg. Når ein skriv saman, må ein planlegga ekstra godt slik at me veit kva den andre skal fortsetja å skriva om.
Kva håpar de barn skal tenkja eller føla når dei har lese boka?
Christian: Eg håper at dei som les boka skal smila, kosa seg og kanskje le litt. Me lo ganske mykje då me las kvarandre sine tekstar. Og særleg då me spelte inn boka som høyrespel. Då hadde me latterkrampe! Eg gløymer aldri då stemmene til Ramonas foreldre skulle snakka fyrste gongen. Det var urkomisk!
Ingunn: Haha, ja, då var det vanskeleg å halda maska.
Kva likte de aller best å lesa då de var barn?
Christian: Eg likte å lesa spaningsbøker. Eg las jo ganske mykje forskjellig, men den sommaren eg oppdaga at pappa sine gamle bøker om Fem-gjengen stod i bokhylla til farmor, blei eg hekta. Den sommaren gav meg dei finaste leseminna eg har. Eg følte eg var i England og jakta etter kriminelle forbrytarar saman med Fem-gjengen.
Ingunn: Roald Dahl – eventyrlege og magiske situasjonar, men som også handla om korleis det er å vera menneske. Og at barn hamla opp med slemme vaksne. Eg slukte det!
Når byrja de å drøyma om å bli forfattarar?
Christian: Eg veit ikkje om eg drøymte om å bli forfattar. Eg har fått dette spørsmålet før, og eg trur eg svarar ulikt frå gong til gong. Eg trur eg blei forfattar litt tilfeldig. Eg byrja å skriva, og likte det. Etter at eg vann ei skrivekonkurranse på ungdomsskulen, merka eg at eg var dyktig til å skriva. Og når ein har uendelege mengder med fantasi, må ein jo få utløp for det på ein aller annan måte. Og det kan ein få av å skriva.
Ingunn: Eg har heller aldri drøymt om å bli forfattar. Eg ramla litt inn i det etter eg vart vaksen. Men no elskar eg det! Og drøymer om å forbli forfattar til eg blir 93 år.
Korleis har det vore å jobba saman?
Ingunn: Utruleg moro. Eg har ledd så mykje! Det går ikkje an å ikkje le når ein er i lag med Christian!
Christian: Eg elskar å jobba med Ingunn! Me kjente kvarandre godt sidan me har jobba saman tidlegare. Og i tillegg er me gode vener. Me har same type humor, så eg følte nesten ikkje at me jobba då me skreiv desse bøkene. Me leikte saman, og så blei det to bøker ut av det!
Kva er det kjekkaste med å laga bøker for barn?
Christian: Å laga eit univers der du kan bestemma alt, er det beste med å skriva.
Ingunn: At ein kan få vera så fantasifull ein berre vil!
Trur de det finst ekte romvesen?
Ingunn: Ja, eigentleg trur eg det. Kanskje ikkje heilt som i boka vår, eller på film. Men eg synest det er rart om me er dei einaste levande og tenkande i heile det uendelege universet.
Christian: Ja. Det er jo rart om det ikkje finst romvesen. Jorda vår er jo berre ein bitteliten del av universet. Eg og familien min såg eit merkeleg lys på himmelen då eg var rundt 9–10 år. Ingen i familien forstod kva det var. Det var eit lys som kom mot huset vårt. Og så stoppa det opp. Lyset blei sterkare, og brått forsvann det i lynraskt tempo bak eit fjell, før det kom tilbake og over eit anna fjell igjen. Eg vart livredd! Men kva det var, veit eg ikkje. Det var veldig, veldig rart.
Christian Wiik Gjerde er også eit kjent namn for Framtida Junior-lesarar, etter å ha jobba i avisa tidlegare.






















