Tenk sjølv – slik unngår du å bli lurt

Kva er eigentleg sant – og kva er berre tull? I ei verd full av informasjon er det lett å bli forvirra. I den nye boka si forklarar forfattar Hilde Hagerup kvifor det er så viktig å tenkja kritisk – og korleis du kan bli flinkare til det.

Fakta om forfattaren:
  • Hilde Hagerup er forfattar og har skrive mange bøker for barn og unge.
  • Ho kjem frå ein kjend forfattarfamilie, og har vore glad i å skriva heilt sidan ho var lita.
  • Ho har skrive boka saman med sonen sin, Matias, og saman har dei snakka med ekspertar for å finna ut korleis ein kan tenkja smartare.
LES FAKTALUKK FAKTA

I boka Elvis på månen tek Hilde Hagerup deg med inn i ei verd full av informasjon, sosiale medium og sterke meiningar. Her lærer du kva kritisk tenking er – og korleis du kan skilja sant frå usant. Gjennom samtalar, morosame eksempel og møte med ekspertar får du verktøy til å stilla spørsmål, forstå verda betre og unngå å bli lurt.

Bokomslag: Cappelen Damm

Kvifor ville du skriva ei bok om kritisk tenking for barn og unge akkurat no?

Om du veks opp i dag har du tilgang til mykje meir informasjon enn foreldra dine hadde då dei voks opp. Men det er lett å gå seg vill! Kritisk tenking kan hjelpa deg så du ikkje blir lurt.

Dessutan må me finna gode løysingar på korleis me skal leva saman både no og i framtida. Verda og dei fellesskapane du er ein del av, treng dei beste tankane dine.

Tittelen Elvis på månen er litt rar og spennande – kva betyr han eigentleg?

Det finst mange konspirasjonsteoriar, altså spinnville historier som ikkje er sanne, men som mange trur på. Ein av dei handlar om at songaren Elvis Presley ikkje er død, men bur på Mars. Me laga vår eigen vri til boka og tuller med at han bur på månen. Men det er altså heller ikkje sant. Elvis Presley døydde 16. august 1977.

Kva er kritisk tenking – forklart på ein enkel måte?

Å tenkja kritisk er ikkje det same som å vera kritisk, sjølv om det også kan vera ein viktig del av det. Å tenkja kritisk er å vera open for at noko kan vera annleis. Det handlar om å setja spørsmålsteikn ved alt, også det du sjølv tek for gitt. Undersøk ting, ver nysgjerrig og leit etter gode argument og bevis.

Kva var det mest overraskande du lærte sjølv?

Eg har alltid vore ein som tviler på ting, og eg blir fort usikker om nokon har gode motargument i ein diskusjon. Før me laga denne boka synest eg det var flautt. Men no synest eg det er bra å tvila, for då er eg open for at eg kan bli overtydd, sjølv om eg ikkje alltid blir det.

For samtidig har eg nokre verdiar i botnen. Me må alle ta nokre val og me må kunna stå for nokon ting. Så det å tenkja kritisk betyr heller ikkje at ein heile tida endrar meining eller haldningar. Men det betyr at ein har døra på gløtt for gode argument og er villig til å lytta i samtalar. Eg vart kanskje litt overraska over eg eigentleg ikkje er så verst til det.

Du har skriva boka saman med sona di, Matias. Korleis var det å jobba saman?

Det var kjempegøy å jobba med Matias! Me har tenkt og diskutert masse saman. Og så har me intervjua og snakka med smarte folk som tenkjer kritisk i jobben sin. Det me lærte i dei intervjua har vorte kjernen i boka.

Illustrasjon: Therese G. Eide

Var det noko Matias sa eller spurde om som fekk deg til å tenkje annleis?

Ja, det var ideen til Matias at eg skulle prøva å gjera boka litt morosam. Det synest eg var veldig lurt tenkt. Eg veit ikkje om eg har fått det til, men eg har i alle fall prøvd. Og så har me vore skikkeleg heldige som har fått jobba med illustratør Therese Eide, for ho er kjempemorosam.

Mange barn kan kjenna seg usikre på kva som er sant eller ikkje. Har du eit enkelt tips til dei?

Sjekk kjelda! Kvar kjem informasjonen frå? Kjem den frå ei etablert nyheitskjelde eller er det litt vanskeleg å finna ut kven som står bak? Dei store avisene kan også gjera feil, men etablerte medium har som ein av oppgåvene sine å retta opp og vera ærlege om feil dei gjer. Så då stoler eg meir på dei. Og ver ekstra på vakt viss informasjonen kjem frå kunstig intelligens. Sjekk med gode kjelder du stoler på.

Har du sjølv opplevd å tru på noko som viste seg å vere feil?

Ja, uff. Då eg var ny på Instagram trudde eg at artisten Tix hadde byrja å følgja meg. Eg vart skikkeleg overraska og smigra. Det var Matias som måtte fortelja meg at det sjølvsagt var ein falsk profil. Eg burde jo ha skjønt det sjølv, men kjenslene tok over. Det er flautt, men ikkje så uvanleg. Folk som vil svindla eller lura oss er gode til å manipulera kjenslene våre.

Var du sjølv eit barn som stilte mange spørsmål?

Det trur eg nok eg var, men eg må likevel heile tida minna meg sjølv på å tenkja kritisk. Det er ikkje noko du lærer deg og så er du ferdig med det, og det finst ikkje noka oppskrift.

Du kjem frå ein familie der fleire er forfattarar. Korleis har det påverka deg som forfattar?

Det har nok hatt mykje å seia for at eg i det heile vart forfattar. Me blir påverka av det me har rundt oss alle saman, eg òg.

Når du vaks opp, visste du tidleg at du ville bli forfattar – eller kom det etter kvart?

Eg visste det veldig tidleg. Eg har alltid vore glad i å skriva. Det er kanskje ikkje så rart sidan det var så mange som skreiv rundt meg.

Illustrasjon: Therese G. Eide