Fakta om forfattarane:
- Thomas Aune er journalist og forfattar. Han har jobba mykje med sport og skrive fleire bøker om fotball og idrett.
- Aleksander Schau er programleiar, podkastvert og forfattar. Han er kjend frå radio og TV, og for si store interesse for fotball.
I Den store boka om fotball-VM 2026 har Thomas Aune og Aleksander Schau samla alt du treng å vita om fotball-VM – frå spektakulære bilete og morosame topp 10-lister til heilt sprø historier frå tidlegare meisterskap.
Kvifor ville dykk laga ei bok om fotball-VM akkurat no?
– Me ville skriva VM-bok fordi endeleg klarte herrelandslaget det kvinnelandslaget har klart ørten gonger før: Nemleg å kvalifisera seg til VM!
Kva gjer VM i 2026 ekstra spennande?
– At me er med! Og at me har nokre av verdas aller beste fotballspelarar i norsk drakt, som Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard. Og så har me i tillegg utrulege spelarar som Julian Ryerson, Antonio Nusa, Sander Berge, Andreas Schjelderup, Oscar Bobb og Jørgen Strand Larsen med på laget.
Kva håpar dykk at barn og unge sit att med etter å ha lese boka?
– Me håpar først og fremst at dei synest det er gøy å lesa henne. Og at dei lærer noko gøy dei ikkje visste frå før.
Kva trur dykk om sjansane våre i VM?
Aleksander: – Eg tippar at me går vidare frå gruppa og at me vinn første sluttspelkamp.
Thomas: – Eg trur også det same. Det blir fort veldig gode lag Noreg skal møta etter gruppespelet.
Dersom dykk måtte velja éin kamp alle bør få med seg i VM, kva kamp ville det vore?
Aleksander: – Må vel nesten seia ein Noreg-kamp då. Då går eg for Noreg-Senegal. To veldig kule og fysiske lag. Blir tøft!
Thomas: – Den siste kampen til Noreg kan også vera eit godt alternativ, mot Frankrike. Den byrjar allereie klokka 21, det tidlegaste av dei norske gruppespelkampane. Og om me er skikkeleg heldige, så er Noreg allereie klare for sluttspelet, og me kan nesten slappa av. Det einaste som trekkjer ned er at Frankrike er veldig gode, og det er stor sjanse for at me taper.






















