Korleis kan is halda ein heil bil?

Du kan knusa ein isbit med tennene dine. Likevel kan menneske og til og med bilar stå på isen på eit vatn. Korleis er det mogleg?

Har du nokon gong tenkt på kor rart is eigentleg er? Ein liten isbit kan lett knusast. Men isen på eit vatn kan tola at både menneske og bilar står oppå han.

Ung Forskning har snakka med forskar Einar Ólason som studerer korleis is blir til og korleis han kan sprekka.

– Is er både sterk og skjør på same tid, seier han.

– Is toler mykje, men går han sund, så skjer det veldig raskt, legg forskaren til.

Når vatn frys, skjer det noko spesielt. Vatnet blir til bitte små delar som låser seg fast i kvarandre.

– Vatnet blir til små byggjesteinar som blir kalla krystallar, forklarer han.

Desse krystallane lagar eit slags mønster som held isen saman. Derfor kan isen tola press frå ting som står oppå han.

Flyt på vatnet

Isen har også ein annan fordel: Den flyt på vatnet. Det betyr at han ikkje treng å bera si eiga vekt slik ei bru gjer. I staden må han berre tola det som ligg oppå.

Sjølv om is kan vera sterk, er det viktig å vera varsam. Køyring på is er strengt regulert, og ofte er det ikkje lov utan spesielt løyve.

Skal du sjekka om du kan gå eller køyra på isen, gjeld det å måla han.

  • 10 centimeter: Du kan gå på isen.
  • 30 centimeter: Isen kan tola ein vanleg bil.
  • 50–70 centimeter: Isen kan tola ein lastebil.