Reddit er ein nettstad og ein app der folk over heile verda kan skriva innlegg, stilla spørsmål og dela bilete og meiningar med andre. Mange bruker det til å diskutera alt frå spel og sport til nyheiter.
No har nettstaden fått ei stor bot på over 14 millionar pund. Det er nesten 182 millionar kroner.
Ikkje flinke nok
Årsaka til bota er at Reddit ikkje har vore flinke nok til å sjekka kor gamle brukarane er. Det gjorde at barn under 13 år kunne bruka sida, sjølv om dei eigentleg ikkje har lov, skriv NRK.
Barn har ekstra sterkt vern når det gjeld personvern. Personvern betyr at du har rett til å bestemma over dine eigne opplysningar, som namn, alder og bilete. Ingen skal samla inn eller bruka slike opplysningar utan lov.
Krav på å vera trygge
Styresmaktene seier at Reddit samla inn opplysningar om barn på ein måte barna ikkje forstod.
– Personopplysningar om barn under 13 år vart samla inn og brukte på ein måte dei ikkje kunne forstå, samtykkja til eller kontrollera. Det kan ha ført til at dei potensielt har vorte utsette for innhald dei ikkje burde ha sett, seier direktør for datatilsynet, John Edwards ifølgje Sky News.
Barn har krav på å vera trygge på nett. Selskap må derfor vera ekstra nøye med å verna barn og sørgja for at reglar blir følgde.
Reddit seier at dei vil klaga på bota og prøva å få den endra, ifølgje Reuters.






















