Leiaren i Nord-Korea peikar ut 13 år gamal dotter som arvtakar

Nord-Koreas øvste leiar, Kim Jong Un, har ifølgje sørkoreansk etterretning bestemt at den 13 år gamle dotter hans, Kim Ju Ae, skal ta over som den neste leiaren i landet.

Etterretningstenesta i Sør-Korea peikar på fleire ting som teikn på at ho er arvtakar, mellom anna at ho har vist seg meir og meir fram på viktige, offisielle arrangement saman med far sin, skriv VG.

Kim Ju Ae er det einaste av Kim Jong Un sine barn som er viste offentleg. Sjølv om det har vore rykte om ein eldre son, er dette ikkje stadfesta.

Ekspertar veit ikkje kvifor Kim Jong Un, som framleis er ganske ung, vil ha fastlagt ein etterfølgjar no. Det er også uvanleg fordi Nord-Korea tradisjonelt har hatt mannlege leiarar.

Det var BBC som fyrst omtala saka.