Mindre plast i Oslofjorden

Innsatsen mot plastsøppel nyttar.

Omtrent 96 prosent av søppelet som blir samla inn på norske strender er plast. Det kan for eksempel vere plastbestikk, q-tips, plastflasker eller ulike typar emballasje. Det kan også vere ulike tau frå fiskeri.

No viser overvaking av strandsøppel i ytre Oslofjord ein tydeleg nedgang i både eingongsplast og forsøpling frå fiskeri for åra 2011–2023. Det skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Nedgangen for plast på strender kjem truleg delvis på grunn av auka regulering av visse plastprodukt. I 2021 blei ei rekke eingongsplastprodukt forbode. Det blei også innført krav om å merke produkt som inneheld plast.

– Resultata viser at målretta tiltak verkar. Mindre plast i havet i ytre Oslofjord er gode nyheiter og er eit tydeleg teikn på at vi er på rett veg. Men jobben er ikkje ferdig, og vi må fortsette arbeidet for å redusere plastforureininga i havet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i pressemeldinga.