Eksperiment: To veker utan internett på mobilen

Kva skjer om du ikkje har internett på mobilen i to veker? Det har forskarar undersøkt i eit stort forsøk.

I eksperimentet fekk nesten 500 personar sperra internett på telefonen sin. Det betyr at telefonen berre kunne brukast til samtalar og SMS-meldingar – ikkje til internett, sosiale medium eller appar som bruker internett, skriv Forskning.no.

Skjermtida gjekk ned

Då internett vart blokkert, blei den daglege skjermtida halvert frå eit snitt på rundt 5 timar og 15 minutt om dagen til 2 timar og 40 minutt.

Dei amerikanske forskarane målte også trivselen og helsa til deltakarane. I spørjeskjema før, under og etter forsøket svarte folk at dei fekk:

  • Betre merksemd
  • Betre søvn
  • Betre trivsel og mental helse – som svarer til effekten av kognitiv åtferdsterapi eller antidepressiv medisin
  • Meir sosialt samvær

Forskarane meiner at studien gir nyttig innsikt om korleis internettbruk påverkar oss – både mentalt og i kvardagen.

Klarar du deg utan internett på mobilen i to veker?

Klarar du deg utan internett på mobilen i to veker?

Ja, lett!2
Det hadde vore vanskeleg.7
Nei, trur ikkje det.0
Berre om eg måtte.7
Svar totalt: 16