Kva skjer i saka mot Marius Borg Høiby?

Dei neste vekene kjem det til å stå mykje i media om ei rettssak som handlar om Marius Borg Høiby. Mange får med seg små bitar av saka gjennom sosiale medium, videoar og overskrifter. Difor har Framtida Junior laga ei sak der me forklarer kva som er viktig å hugsa på.

Dette er Høiby tiltalt for:
  • Høiby er tiltalt for fire valdtekter. Alle dei fire tilfella gjeld seksuell omgang med ein person som på grunn av søvn og/eller rus ikkje har kunna motsetja seg handlinga. Ei av valdtektane omfatta samleie, altså innføring av penis i kvinnas kjønnsorgan. Han er også tiltalt for seks tilfelle av seksuelt krenkande filming/fotografering.
  • Høiby er tiltalt for grov narkotikaforbryting ved å ha skaffa seg, oppbevart og overlevert narkotika. Lovbrotet er grovt på grunn av narkotikamengda og måten lovbrotet er gjort på.
  • Høiby er tiltalt for eitt tilfelle av mishandling i nære relasjonar, altså vald, truslar og kontroll og psykisk/fysisk skade mot ein tidlegare kjærast. Han er tiltalt for eitt tilfelle av grov kroppskrenking og eitt tilfelle av kroppskrenking. Begge tilfella gjeld vald, men grov kroppskrenking er når valden er alvorleg. I tillegg er han tiltalt for eitt tilfelle av truslar og fem tilfelle av omsynslaus åtferd, altså at han har oppført seg på ein på måte som har skremt eller plaga andre.
  • Høiby er tiltalt for uforsvarleg køyring seks gongar og for å ha køyrt utan førarkort to gongar.
  • Høiby er tiltalt for to tilfelle av skadeverk, altså for å øydeleggja ting.
  • Høiby er tiltalt for seks brot på kontaktforbodet, altså at han har tatt kontakt med ein person utan å ha lov til det.
  • Høiby er tiltalt for brot på identifikasjonsplikta og for å ha vist fingeren til politiet.

(Kjelde: NRK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Marius Borg Høiby er son av kronprinsesse Mette-Marit. Han er ikkje kongeleg og har inga offisiell rolle i kongehuset. Likevel er han svært kjend, fordi mange veit kven han er, og fordi han har vakse opp med mykje merksemd rundt seg.

Marius Borg Høiby. Foto: Lise Åserud / NTB / POOL

Saka handlar om hendingar som politiet har etterforska, og som no skal behandlast i retten. Det betyr at politiet meiner det kan ha skjedd noko som bryt lova og at retten skal finna ut kva som faktisk skjedde. I retten skal både forklaringar, bevis og vitne bli høyrde.

Det er først etter at retten har gjort jobben sin, at det kjem ein dom.

Marius Borg Høiby er tiltalt for 38 ulike brot på lova. Det betyr at politiet meiner han har gjort fleire ting som ikkje er lov.

Det er viktig å hugsa at dette er anklagar. Politiet og påtalemakta meiner dette kan vera sant, men det er retten som skal avgjera kva som er bevist.

Uskuldig til det motsette er bevist

Å vera tiltalt betyr ikkje at ein er dømd. Det betyr at politiet meiner det finst grunnlag for å føra saka for retten og at ein domstol skal avgjera om personen er skuldig eller ikkje.

I Noreg er alle uskuldige til det motsette er bevist. Det gjeld for alle – uansett kven ein er.

Når ei rettssak pågår, kan rykte, kommentarar og spekulasjonar gjera skade. Ord kan spreia seg raskt, spesielt på internett. Difor er det viktig å ikkje dela rykte – og ikkje konkludera før dommen kjem.

Kva kan du som lesar gjera?

  • lesa forklaringar frå trygge nyheitskjelder
  • spørja ein vaksen dersom det er noko du lurer på
  • vera varsam i kommentarfelt og i samtalar
  • vita at det er retten som skal avgjera kva som er sant